Stemmerett og manntal

Kven kan stemme ved kommunestyre- og fylkestingsvalet?

For å stemme må du ha stemmerett og stå i manntalet i ein kommune.

Kven har stemmerett?

  • Norske statsborgarar som har fylt 18 år innan utgangen av 2023, som er eller har vore registrert i folkeregisteret som busett i Noreg.
  • Statsborgarar i Danmark, Finland, Island eller Sverige som har fylt 18 år innan utgangen av 2023, og er registrert i folkeregisteret som busett i Noreg seinast 30. juni 2023.
  • Personar som ikkje er norske statsborgarar, men som har fylt 18 år innan utgangen av 2023 og har vore registrert i folkeregisteret som busett i Noreg dei tre siste åra før valdagen.

Tilsette i diplomatiet eller konsulatvesenet og husstanden deira har stemmerett sjølv om dei ikkje oppfyller busetjingskriteriet, så lenge dei er norske statsborgarar.

Står du i manntalet?

Manntalet er ei oversikt over kven som har stemmerett i ein kommune. Er du busett i Noreg blir du automatisk ført inn i manntalet i kommunen du er registrert i folkeregisteret som busett i den 30. juni 2023.

Du kan førehandsstemme i kva kommune som helst, men skal du stemme på valdagen må du gjera det i eit vallokale i kommunen du er manntallsført i.

Bur du i utlandet?

Dersom du bur i utlandet, men har vore folkeregistrert som busett i Noreg i løpet av dei siste 10 åra, blir du automatisk ført inn i manntalet i kommunen du var registrert som busett i då du flytta frå Noreg.

Dersom du ikkje har vore registrert busett i Noreg dei siste 10 åra, må du søkja om innføring i manntalet.

Veljarar med strengt fortruleg adresse

Veljarar med strengt fortruleg adresse er ikkje innført i det ordinære manntalet kommunen har tilgang til, men kommunane får eit særskilt tilleggsmanntal med oversikt over personar med strengt fortruleg adresse. Veljarar det gjeld får eit eige brev frå Kripos om stemmegivinga.

Vil du sjekke om du er rett manntallsført?

Ta kontakt med kommunen din. Alle kommunar i Noreg er pålagde å gjera manntalet offentleg tilgjengeleg slik at du kan kontrollera eigne opplysningar og senda inn klage dersom det er feil i manntalet.