Valoppgjer ved kommunestyreval

Når kommunane har talt opp alle røystesetlane og fordelt desse på parti, blir dette resultatet rekna om til representantfordelinga som utgjer kommunestyret. Dette kallar vi valoppgjer.

Publisert:

Norske kommunar er svært ulike i storleik, frå Utsira med om lag 200 innbyggjarar til Oslo med over 670 000 innbyggjarar. Dette er spegla i storleiken på kommunestyra, men korleis ein vel representantane, er likt for alle kommunar. Utgangspunktet for valoppgjeret er listerøystene til partia. Kvar røystesetel inneheld eit tal listerøyster som svarar til talet på representantar som skal veljast til kommunestyret.

Døme på valoppgjer i ein kommune

Sjølve valoppgjeret er noko komplisert. Det enklaste er difor å forklare dette gjennom eit døme. Vi har valt å vise korleis eit valoppgjer vil skje i ein kommune med 23 representantar i kommunestyret.

I ein slik kommune skal det veljast 23 representantar til kommunestyret. Då vil kvar røystesetel representere 23 listerøyster. For å finne det totale talet på listerøyster til partiet må ein difor ta talet på røyster partiet har fått og multiplisere dette med 23 i dømet vårt.

Ved kommunestyreval har veljarane dessutan høve til å føre opp kandidatar frå listene til andre parti på røystesetelen. Dette blir kalla slengjarar, og vil seie at ein gjev ei listerøyst til det partiet slengjaren kjem frå, på kostnad av det partiet ein røyster på. Om ein røyster på parti A i kommunen nemnt ovanfor og har to slengjarar på røystesetelen, vil parti A altså få 21 listerøyster, medan dei to siste listerøystene vil gå til slengjarane sine parti.

Nedanfor er det vist utrekning for kommunen vi har brukt som døme. Fire parti stiller liste:

 

 

 

Listerøyster

Parti

Røyster

Tal på representantar som skal velgjast i kommunen

Før slengjarar

Slengjarar fått

Slengjarar gjevne

Endeleg

Parti A

3 500

23

80 500

24

22

80 502

Parti B

2 000

23

46 000

18

23

45 995

Parti C

1 100

23

25 300

18

7

25 311

Parti D

750

23

17 250

11

12

17 249

For parti A blir reknestykket då: 3 500 røyster x 23 representantar = 80 500 listerøyster. Så skal ein leggje til 24 slengjarar ein har fått og trekkje frå 22 slengjarar gjevne til andre parti. Det endelege talet på listerøyster blir då 80 502.

Frå røyster til representantar

Når dei endelege listerøystetala er klare skal talet på representantar til kvart parti reknast ut. I Noreg blir St Lagües modifiserte metode brukt ved kommunestyreval.

Når St. Lagües modifiserte metode blir brukt, blir listerøystetalet til kvart parti først delt på 1,4. Deretter delast dei på 3 - 5 - 7 og så vidare. Dette held fram så mange gongar som er naudsynt for å finne talet på mandat partiet skal ha.

Etter dette står kvart parti igjen med eit tal kvotientar. Den første plassen i kommunestyret går til partiet som har den største kvotienten. Den andre plassen går til partiet med den nest høgaste kvotienten. Slik held ein fram til alle plassane i kommunestyret er tildelte. Om to parti får same kvotient, gjev ein plassen til partiet med flest røyster. Om talet på røyster også er likt brukar ein loddtrekning for å tildele plassen.

For dømekommunen vår får vi følgjande resultat:

 

 

1,4

3

5

7

9

11

13

15

17

19

21

23

Parti A

57501,4

26834,0

16100,4

11500,3

8944,7

7318,4

6192,5

5366,8

4735,4

4236,9

3833,4

3500,1

Parti B

32853,6

15331,7

9199,0

6570,7

5110,6

4181,4

3538,1

3066,3

2705,6

2420,8

2190,2

1999,8

Parti C

18079,3

8437,0

5062,2

3615,9

2812,3

2301,0

1947,0

1687,4

1488,9

1332,2

1205,3

1100,5

Parti D

12320,7

5749,7

3449,8

2464,1

1916,6

1568,1

1326,8

1149,9

1014,6

907,8

821,4

750,0

I dette dømet fekk altså parti A 11 representantar, parti B fekk seks, parti C fekk fire og parti D fekk to.

Når valstyret har fordelt plassane på dei ulike partia, skal dei fordele dei til kandidatane på listene. Dette blir gjort på grunnlag av to faktorar:

  1. Røystetillegg frå partiet: Kandidatar som er førte opp med utheva skrift på røystesetlane, skal ha eit røystetillegg som svarar til 25 prosent av talet på røyster partiet har fått.
  2. Personrøyster frå veljarane: Ved kommunestyreval kan veljarane også gje personrøyster til kandidatane, enten til kandidatar på lista ein røyster på eller i form av slengjarar som nemnt ovanfor.

Dei kandidatane som får flest personrøyster når ein legg saman punkt 1 og punkt 2 er valde. Om to kandidatar får det same talet personrøyster, er det rekkjefølgja på røystesetelen som gjeld.

Når valstyra er ferdige med dette arbeidet, har dei gjort valoppgjeret sitt.