Mål og samfunnsoppdrag

Valdirektoratet har ansvar for den operative valgjennomføringa på landsbasis.

Publisert:

Det overordna statlege ansvaret for valgjennomføring ligg hos Kommunal- og moderniseringsdepartementet (KMD), medan det er kommunane og fylkeskommunane som har ansvar for den praktiske gjennomføringa av valet. Valdirektoratet er underlagd KMD, og har delegert ansvar for den operative valgjennomføringa på landsbasis.

Valdirektoratet skal bidra til eit velfungerande demokrati ved å halde ved lag befolkninga sin tillit til valgjennomføringa. Valdirektoratet si overordna prioritering i 2021 er å bidra til ei korrekt, sikker, open og tillitvekkjande gjennomføring av stortings- og sametingsvalet.

Valdirektoratet sitt mål for 2021:

Mål 1: Korrekt og sikker valgjennomføring med tillit i befolkninga
Mål 2: Veljarane har naudsynt informasjon om val
Mål 3: Godt tilgjenge ved val

Les tildelingsbrevet for 2021.

Les årsrapporten for 2020

Revisjonsberetning frå Riksrevisjonen 2020