Listeforslagsportalen for valet i 2027 er no opna

Listeforslagsportalen er no tilgjengeleg for alle parti og grupper som ønskjer å stille liste ved kommunestyre- og fylkestingsvalet i 2027.

Portalen gjer det mogleg for forslagsstillarar å fylle ut listeforslaget, samle inn nødvendige underskrifter og levere det elektronisk til rett valmyndigheit. 

Gå til listeforslagsportalen

Enkel og trygg innsending 

Listeforslagsportalen legg til rette for ein enkel og trygg prosess for alle som ønskjer å stille liste til valet. 

I portalen kan forslagsstillarar mellom anna:

  • registrere kandidatar og nødvendige opplysningar
  • samle inn underskrifter digitalt
  • følgje status på innsamlinga i sanntid
  • sende inn komplett listeforslag til valstyret eller fylkesvalstyret 

Alle som signerer eit listeforslag identifiserer seg digitalt. Dette gir ei trygg og effektiv handsaming både for forslagsstillarar og valmyndigheiter. 

Fristar for innlevering 

Listeforslag må vere levert seinast 31. mars 2027 kl. 12.00. 

Merk at innlevering ikkje er mogleg før 2. januar 2027, når kommunar og fylkeskommunar får tilgang til valssystema for kommunestyre- og fylkestingsvalet 2027. 

Rettleiing 

Forslagsstillarar får rettleiing både i portalen og på informasjonssidene om listeforslag på valg.no. Her finn du alt du treng for å forstå krava og korleis prosessen fungerer.