Valobservasjon styrkjer openheita rundt valprosessane og har stor verdi for det norske demokratiet.
Kommunane og fylkeskommunane har plikt til å ta imot akkrediterte valobservatørar og til å leggje til rette for valobservasjon. Denne plikta inneber at observatørane skal ha tilgang til vallokala både under førehandsrøystinga og på valdagen, samt under oppteljinga.
Sjå lista over akkrediterte valobservatørar.
Observatørane har eit akkrediteringskort som ser slik ut:
Departementet har òg eit besøksprogram for internasjonale gjester, hovudsakleg andre valstyresmakter. Desse vil berre observere vallokale og oppteljing i Oslo-området, og vert følgde av personar frå Kommunal- og distriktsdepartementet.
Dei har fått utdelt eit besøkskort, som ser slik ut: