Stemmerett og manntal

Kven kan stemme ved omvalet til fylkestingsvalet i Moss kommune?

Publisert:

For å stemme må du ha stemmerett og stå i manntalet i Moss kommune.

Kven har stemmerett?

  • Norske statsborgarar som har fylt 18 år innan utgangen av 2023, som er eller har vore registrert i folkeregisteret som busett i Noreg.
  • Statsborgarar i Danmark, Finland, Island eller Sverige som har fylt 18 år innan utgangen av 2023, og er registrert i folkeregisteret som busett i Noreg seinast 30. juni 2023.
  • Personar som ikkje er norske statsborgarar, men som har fylt 18 år innan utgangen av 2023 og har vore registrert i folkeregisteret som busett i Noreg dei tre siste åra før valdagen.

Står du i manntalet?

Manntalet er ei oversikt over kven som har stemmerett i kommunen. Du er ført inn i manntalet i Moss kommune om du var registrert i folkeregisteret som busett i kommuen den 30. juni 2023.

Du kan førehandsstemme i kva kommune som helst, men skal du stemme på valdagen må du gjera det i eit av vallokala i Moss kommune.

Bur du i utlandet?

Dersom du bur i utlandet, men har vore folkeregistrert som busett i Noreg i løpet av dei siste 10 åra og den siste bustedskommunen din i Noreg var Moss kommune, er du innført i manntalet.

Dersom du ikkje har vore registrert busett i Noreg dei siste 10 åra, må du søkja om innføring i manntalet.

Veljarar med strengt fortruleg adresse

Veljarar med strengt fortruleg adresse er ikkje innført i det ordinære manntalet kommunen har tilgang til, men kommunen får eit særskilt tilleggsmanntal med oversikt over personar med strengt fortruleg adresse. Veljarar det gjeld får eit eige brev frå Kripos om stemmegivinga.

Vil du sjekke om du er rett manntallsført?

Ta kontakt med Moss kommunen. Kommunen er pålagd å gjera manntalet offentleg tilgjengeleg slik at du kan kontrollera eigne opplysningar og senda inn klage dersom det er feil i manntalet.