På valdagen den 9. september må du røyste i din heimkommune

Kvar kan eg røyste?

På valdagen den 9. september må du røyste i din heimkommune. Hugs å ta med legitimasjon.


Det er fleire tusen vallokale rundt om i landet der det er mogleg å røyste  på valdagen.

Finn ditt nærmaste vallokale på valglokaler.no

Har du flytta etter 30. juni?

Du har røysterett og røystar i den kommunen der du er manntalsført. Om du har flytta etter 30. juni, står du innført i manntalet i den kommunen du har flytta frå, sjølv om du har meldt flytting.