Hugs dette når du skal røyste!
- Legitimasjon med namn, fødselsdato og bilete
- Du trenger ikkje valkortet ditt, men du brukar kortare tid i vallokalet om du tar det med.
Når du kjem inn i eit valglokale, blir du møtt av ein valmedarbeidar. Valmedarbeidaren er der for å hjelpe dersom det er noko du lurer på. Når du er klar vil valmedarbeidaren vise deg til eit røysteavlukke.
Å røyste er ikkje vanskeleg. Følgjer du desse fem grepa får du røysta raskt og effektivt. Dersom du ønskjer å gjere endringar på røystesetelen, kan du lese meir om det her.
1. Ta røystesetlane du vil bruke:
ein for kommunestyrevalet og ein for fylkestingsvalet. I Oslo er det ikkje fylkestingsval.
2. Gjer eventuelle endringar på røystesetlane. Rettleiing står på røystesetelen.
3. Brett kvar av røystesetlane med partinamnet inn og feltet for stempling ut – då kan ingen sjå kva du røystar. Det skal ikkje vere konvolutt eller anna omslag rundt røystesetlane
4. Gå til ein valfunksjonær og få eit stempel på utsida av røystesetlane. Begge røystesetlane må ha stempel for å bli godkjende.
5. Legg dei stempla røystesetlane i valurna.
Førehandsrøysting i ein anna kommune
Dersom du førehandsrøyster i ein anna kommune enn heimkommunen din, er røystegjevinga litt annleis.
Andre måtar å røyste på
Visste du at du ikkje må røyste i eit vallokale? Sjå alle stadane og måtane du kan røyste på og korleis dette blir gjort.