Er du norsk statsborgar, kan du røyste dersom du:
- Er 18 år, eller fyller 18 år i løpet av 2019
- Er, eller har vore, registrert busett i Noreg i løpet av dei siste 10 åra før valdagen
Har du budd i utlandet i meir enn ti år må du søke om innføring i manntalet i den kommunen som du sist var folkeregistrert. Les meir her
Er du nordisk statsborgar (svensk, dansk, finsk eller islandsk statsborgar), kan du røyste dersom du:
- Er 18 år, eller fyller 18 år i løpet av 2019
- Har vore registrert busett i Norge sidan 30. juni 2019
Er du utanlandsk statsborgar frå eit land utanfor Norden, kan du røyste dersom du:
- Er 18 år, eller fyller 18 år i løpet av 2019
- Har vore registrert busett samanhengande i Noreg dei siste tre åra før valdagen