Dette betyr oppsummeringa

Her kjem det meir informasjon før valet.

Røysteføre:

Totalt tal personar som har røysterett i det aktuelle valet i kommunen eller fylkeskommunen.

Opptalde røystesetlar til no

Totalt tal på godkjende røystesetlar som er talde opp til no i teljinga. Røystesetlar som er gjevne opp som “tvilsame” under oppteljinga blir ikkje inkluderte før dei eventuelt godkjennast av valstyret. Tvilsame røystesetlar som blir forkasta av valstyret blir viste under punktet “forkasta røystesetlar”.

Av desse førehandsrøyster

Talet på godkjende røystesetlar gjevne på førehand som er talde opp til no i teljinga.

Frammøteprosent

Delen av dei røysteføre som har røysta ved det aktuelle valet.

For kommunestyreval er frammøteprosent rekna ut på grunnlag av det høgaste talet av talet på røystegjevingar og talet på godkjende røystesetlar. For fylkestingsval er frammøteprosent rekna ut på grunnlag av talet på godkjende røystesetlar.

Frammøteprosenten er basert på dei innraporterte tala frå kommunane. Inntil valoppgjeret er ferdig i samtlege kommunar, er frammøteprosenten foreløpig.

Blanke røystesetlar

Talet på blanke røystesetlar gjevne i det aktuelle valet. Det vil seie at veljaren ikkje har røysta på nokon av partia/gruppene som stiller liste i det aktuelle valet, men har gjeve ei blank røyst.

Forkasta røystesetlar

Talet røystesetlar som ved oppteljinga har blitt forkasta som ugyldige.

Røystesetelen skal forkastast om han manglar stempel; det ikkje går fram kva val setelen er gjeven til; det ikkje kjem fram kva parti eller gruppe veljaren har røysta på eller om partiet eller gruppa ikkje stiller liste i valkrinsen.