Til Stortingsvalet 2017 : Valdag og gjennomføring
Arkiv: Dette innholdet er arkivert og blir ikke oppdatert.

Slik røystar du på valdagen ved stortingsval

Hugs at du MÅ ha legitimasjon for å røyste.

Publisert: Arkivert

På valdagen 11. september (og 10. september i kommunar der det er todagars val) må du røyste i den kommunen du er manntalsført i. Du er manntalsført i den kommunen der du var folkeregistrert som busett den 30. juni 2017.

Kommunen kunngjer kvar vallokalet ditt er, og kor lenge det er ope. Merk likevel at du kan røyste i kva vallokale som helst i kommunen.

Du må ta med deg legitimasjon! Det er ikkje nødvendig med valkort, men det forenklar arbeidet til valfunksjonærane dersom du tar det med, og det går raskare for deg å røyste.

Treng du rettleiing eller hjelp?

Treng du rettleiing eller hjelp i vallokalet, kan du spørje ein av valfunksjonærane.

Kommunane pliktar i utgangspunktet å legge røystegivinga til lokale der alle veljarar kan kome seg inn på eiga hand. Skulle eit vallokale likevel ikkje vere tilgjengeleg for ein rørslehemma veljar, kan vedkomande røyste rett utanfor vallokalet. To valfunksjonærar kjem i så fall ut, gir nødvendig hjelp og tar imot røysta. 

Har du flytta etter 30. juni?

Dersom du har flytta etter 30. juni, står du innført i manntalet i den kommunen du har flytta frå, sjølv om du har meldt flytting. Du er manntalsført i den kommunen der du er registrert i folkeregisteret som busett den 30. juni 2017. 

Du har røysterett og røystar i den kommunen der du er manntalsført. Dersom du ikkje har høve til å røyste der på valdagen, kan du førehandsrøyste i den kommunen du oppheld deg i. Røysta blir då send til heimkommunen din.

Slik røystar du på valdagen

Ein skal ikkje bruke røystesetelkonvolutt på valdagen. I staden skal røystesetelen brettast og stemplast før han blir lagd i valurna.

Slik gjer du når du røystar ved stortingsvalet:

 stemme_valgdag