SMS til alle veljarar

Onsdag 4. september sender Valdirektoratet ut ein SMS til alle veljarar med ei påminning om å bruke røysteretten ved årets lokalval.


Ved tidlegare val har det blitt gjennomført forsøk med utsending av SMS til eit representativt utval veljarar. Dette hadde signifikant effekt i enkelte veljargrupper som i utgangspunktet hadde lågare valdeltaking enn befolkninga elles. Vi sender difor ut SMS ved dette valet også, men denne gongen som ei hyggeleg påminning til alle røysteføre i Noreg.

Grunnlaget for SMS-utsending er manntalet den 29.08.2019. Kontaktinformasjonen vart kontrollert mot Kontakt- og reservasjonsregisteret den 30.08.2019.

Tiltaket med utsending av SMS vil gje lik informasjon til alle veljarar.

Det er sendt ut SMS til ca. 4 millionar røysteføre.

Det er Valdirektoratet som sender ut SMS på oppdrag frå Kommunal- og moderniseringsdepartementet. Les meir her.