Brev med påminning om røysterett

Valdirektoratet har sendt ut brev med oppmoding om å bruke røysteretten til veljarar med innvandrarbakgrunn.

Publisert:

Brevet er sendt til veljarar som ikkje har norsk statsborgarskap, og til veljarar som har hatt norsk statsborgarskap i mindre enn 18 år. Brevet skal også vere ei påminning om at veljarar har røysterett ved kommunestyre- og fylkestingsvalet.

Denne gruppa har tidlegare hatt lågare valdeltaking enn resten av befolkninga. Målet med brevet er å auke valdeltakinga.

Ved tidlegare val har det blitt gjennomført forsøk med utsending av brev til veljarar utan norsk statsborgarskap, og dei som har hatt norsk statsborgarskap i mindre enn 18 år. Forsøket viste at dette førte til auka valdeltaking. Vi sender difor ut brev ved dette valet også.

Alle som er folkeregistrerte med innvandrarbakgrunn, får brev om å delta i valet. Unntaket er personar som har hatt norsk statsborgarskap i meir enn 18 år.

Vi sender også ut ein SMS med påminning om valet til alle veljarar.

Det er Valdirektoratet som sender ut brev på oppdrag frå Kommunal- og moderniseringsdepartementet. Les meir her.