Ofte stilte spørsmål

Her har vi samla svar på ofte stilte spørsmål om val.


Kva tid er valdagen?

Valdagen for kommunestyre- og fylkestingsvalget er måndag 9. september 2019. Mange kommunar held også val søndag 8. september.

Kven har røysterett?

Både norske og utanlandske statsborgarar har røysterett ved kommunestyre- og fylkestingsval i Noreg, men krava til røysterett avheng av statsborgarskapet ditt.

Dersom du er norsk statsborgar, kan du røyste dersom du:

  • Er 18 år, eller fyller 18 år i løpet av 2019
  • Bur, eller har budd i Noreg i løpet av dei siste 10 åra før valdagen

Dersom du er nordisk statsborgar (svensk, dansk, finsk eller islandsk statsborgar), kan du røyste dersom du:

  • Er 18 år, eller fyller 18 år i løpet av 2019
  • Har budd i Noreg siden 30. juni 2019

Dersom du er utanlandsk statsborgar frå eit land utanfor Norden, kan du røyste dersom du:

  • Er 18 år, eller fyller 18 år i løpet av 2019
  • Har budd samanhengande i Noreg dei siste tre åra før valdagen.

Alle som skal røyste, må vere innførte i manntalet. Manntalet er oversikten over dei som har røysterett i kommunen. Du står i manntalet i den kommunen der du var registrert i folkeregisteret som busett 30. juni 2019. Har du flytta, er det framleis adressa 30. juni som avgjer i kva kommune du har røysterett.

Kvar kan eg røyste på valdagen?

På valdagen den 9. september må du røyste i den kommunen der du var registrert i folkeregisteret som busett 30. juni 2019. Kommunen informerer om opningstider og kvar du kan røyste på valdagen. Du kan røyste i kva som helst av vallokala i kommunen.

Finn vallokalet ditt på valdagen  

Kva må eg ha med for å røyste?

Vallova seier at ein veljar som er ukjent for røystemottakar skal legitimere seg. Ta difor med legitimasjon når du skal røyste, det er ikkje nok å gje opp namn og fødselsdato. Legitimasjon kan til dømes vere pass, førarkort og bankkort med bilete.

Om du oppheld deg på ein institusjon som sjukeheim, sjukehus eller fengsel, kan du få ein tilsett ved institusjonen til å stadfeste identiteten din.

Det er ikkje naudsynt å ha med valkort, men det lettar arbeidet for valfunksjonærane om du tek det med, og det vil gå raskare for deg å røyste.

Kva gjeld som legitimasjon?

Gode døme på legitimasjon er pass, førarkort eller bankkort med bilete.

Må eg ha med valkort?

Det er ikkje naudsynt å ha med seg valkortet for å røyste, men det lettar arbeidet for valfunksjonærane om du tek det med, og det vil gå raskare for deg å røyste.  Har du ikkje motteke valkortet i posten eller har mista det, kan du altså møte opp i vallokalet likevel for å røyste.

Alle veljarar får valkort tilsendt i posten. Opplysningane om veljar blir henta frå manntalet og folkeregisteret, opplysningar om opningstid ol. på valkortet er utarbeidd av kommunen din. Om du ikkje har motteke valkortet, kan det vere fordi det har kome bort i posten eller du har flytta og meldt adresseendring til folkeregisteret etter 30. juni.

Korleis endrar eg på røystesetelen?

Røystesetelen avgjer kva for parti du røystar på. Dersom du vil vere med på å påverke kva for kandidatar som blir valde inn for partiet, må du endre på røystesetelen. Les om korleis du endrar på røystesetelen.

Er det mogleg å røyste blankt?

Det er mogleg å røyste blankt. I kvart vallokale finst det blanke røystesetlar som skal brukast til dette. Ved oppteljing av røystesetlane i kommunane, vil ikkje blanke røystesetlar telje med, men valstatistikken vil vise kor mange som har røysta blankt.

Kan eg røyste på nytt på valdagen om eg har røysta på førehand?

Om du har røysta på førehand, er det ikkje mogleg å røyste på nytt på valdagen. Det er heller ikkje mogleg å røyste på førehand fleire gongar.

Kvar kan eg røyste på førehand?

Du kan røyste på førehand i kva som helst kommune i landet. Finn det nærmaste førehandsrøystelokalet ditt og opningstider. Du kan også ta kontakt med kommunen du oppheld deg i for å få informasjon om kvar og kva tid du kan røyste på førehand.

Du kan også røyste på førehand på dei fleste av utanriksstasjonane i utlandet. For oversikt  trykk her

Kva tid kan eg røyste på førehand?

Du kan røyste frå 1. juli om du ikkje kan røyste innanfor den ordinære perioden for førehandsrøystegjeving, og heller ikkje på valdagen. Du må då kontakte kommunen og avtale tid for å røyste.

Den ordinære perioden for førehandsrøystegjeving startar 12. august og varar til og med 6. september. Du kan røyste på førehand i kva som helst kommune i landet. 

Førehandsrøystelokale og opningstider.

Eller ta kontakt med kommunen for informasjon om kvar i kommunen det er mogleg å røyste på førehand og opningstider.

I utlandet kan du røyste på førehand frå 1. juli til og med 30. august. Hugs å røyste så tidleg at røysta rekk fram til kommunen din innan kl. 17 dagen etter valdagen 9. september.

Eg treng hjelp med det digitale valkortet mitt

Dersom du er registrert i ein av forsøkskommunane og trenger hjelp med det digitale valkortet ditt, kan du ta kontakt med Valdirektoratets brukarstøtte:

Telefon: 33 41 29 40

E-post: [email protected]