Systemdokumentasjon og kjeldekode

Lurer du på korleis det elektroniske valadministrasjonssystemet EVA er bygd opp?

Publisert:

EVA Admin er hovudstøttesytemet for valgjennomføring for kommunar og fylkeskommunar. Alle grunnlagsdataa som skal til for å gjennomføre val i Noreg, blir registrerte i dette systemet. Det er blant anna partia sine listeforslag og manntalet. Her blir også røystegjevingane registrerte og oppteljinga av desse gjort. EVA Skanning er applikasjonen som styrer den maskinelle oppteljinga av røystesetlar. Den siste applikasjonen er EVA Resultat som utarbeider valprognosar og valresultatet etter kvart som han får dette frå EVA Admin. Det er denne applikasjonen som dannar grunnlaget for det som blir vist på valgresultat.no og av media i Noreg etter kvart som røystene blir talde.

Kva er systemdokumentasjon?

Føremålet med systemdokumentasjonen er å gje ei overordna skildring av IT-systemet frå eit funksjonelt og teknisk perspektiv. Dokumentet gjev ikkje ei uttømmande teknisk skildring av IT-systemet og er på eit konseptuelt nivå. Konsept og prinsipp legg grunnlag for kjeldekode og konfigurasjon som er hovuddokumentasjonen for systemet på eit detaljert teknisk nivå. Den primære målgruppa er interessentar med god IT-forståing.

Inngåande skildringar av valprosessen er gjevne på valmedarbeidarportalen, med prosess- og rutineskildringar, og med skjematiske framstillingar av prosess. Systemdokumentasjonen for dei ulike applikasjonane vil bli publiserte som PDF.

Kva er kjeldekode?

Kjeldekode består av ein serie instruksjonar i eit høgnivåspråk, til dømes Java, som viser i detalj kva og korleis ein applikasjon utfører dei operasjonane applikasjonen blir brukt til.

Kjeldekoden gjev eit innblikk i korleis applikasjonane er bygde opp og fungerer på eit detaljert nivå. Somme delar av kjeldekodane nedanfor knytte til tryggingsmekanismar i løysinga er unnatekne frå publisering av tryggleiksomsyn.