Roller og ansvar

I Noreg er det valstyra i kommunane og fylkesvalstyra i fylkeskommunane som er ansvarlege for å gjennomføre val. Kommunal- og moderniseringsdepartementet og Valdirektoratet har også sentrale oppgåver og ansvarsområde.

Publisert:

Rollene og ansvaret for valgjennomføringa er hierarkisk inndelt. Det er Kommunal- og moderniseringsdepartementet som har det overordna ansvaret for val i Noreg, medan Valdirektoratet har det operative ansvaret på statleg nivå. Valstyra i kommunane og fylkesvalstyra i fylkeskommunane er dei som er ansvarlege for å gjennomføre valet i sine valkrinsar.

Lokale roller og ansvar

Kommunane er den aktøren som er nærast veljaren. Dei er også ansvarlege for førebuinga og gjennomføringa av val i sin kommune. Dette inneber at kommunane står for det aller meste av det praktiske arbeidet i samband med val. Valstyra i kommunane skal blant anna:

  • behandle partia sine listeforslag ved kommunestyreval,
  • rekruttere valmedarbeidarar,
  • bestille alt utstyret dei treng for å gjennomføre val,
  • finne eigna førehandsrøyste- og vallokale, og
  • gjennomføre røystegjevinga, og telle opp alle stemmene som har vorte gjevne.

Ved kommunestyreval er det også valstyra sitt ansvar å utføre valoppgjer, som inneber å utføre mandatfordeling og kandidatkåring for det nye kommunestyret. Vidare så er det kommunen sitt ansvar å rettleie veljaren ved spørsmål knytte til valet.

Fylkesvalstyret er ansvarleg for førebuinga og gjennomføringa av valet i sin fylkeskommune. Blant anna så behandlar fylkesvalstyret partia sine listeforslag til stortingsval og fylkestingsval. Vidare er dei ansvarlege for å kontrolltelje kommunane sine oppteljingar ved fylkestings- og stortingsvalet, i tillegg til å ta valoppgjer ved å utføre mandatfordeling og kandidatkåring.

Statlege roller og ansvar

Valdirektoratet har det operative ansvaret på statleg nivå for førebuinga og gjennomføring av stortings-, kommunestyre- og fylkestingsval, og for direkte val til kommunedelsutval. Direktoratet hjelper også Sametinget og Longyearbyen med avviklinga av vala deira. Valdirektoratet si rolle er å rettleie kommunane og fylkeskommunane i regelverk, system og rutinar, i tillegg til å informere veljarar om når, kvar og korleis dei kan røyste. Saman med kommunane sikrar direktoratet både overordna og lokal informasjon til veljarane. Valdirektoratet tilbyr også bistand til, og tenester for, kommunane og fylkeskommunane som skal bidra til at valet blir gjennomført på ein sikker og korrekt måte.

Kommunal- og moderniseringsdepartementet (KMD) har ansvaret for valordninga og valregelverket, og har det overordna ansvaret for valgjennomføringa i Noreg. Departementet legg også rammene for valgjennomføringa og utviklinga av valordninga, som godkjenning av forsøk. Departementet er endeleg klageinstans ved lokalval, og førebur klagebehandlinga ved stortingsval. Departementet har etatsstyringsansvaret for Valdirektoratet

Før kvart stortingsval blir Riksvalstyret peika ut av Kongen i statsråd. Riksvalstyret har viktige oppgåver knytte til kontroll og godkjenning av stortingsvalet. Det var i 2017 sett saman av åtte medlemer med kvar sin vara, éin medlem frå kvart parti som då var representert på Stortinget.

Stortinget har også ei viktig rolle ved stortingsval. Som første oppgåve etter at eit nytt Storting opnar, blir det valt ein fullmaktskomité som skal kontrollere om valet har gått riktig føre seg, og at dei valde representantane har rett til å møte på Stortinget. Fullmaktskomiteen leverer ei innstilling til Stortinget etter valet, der ein kan lese komiteen si evaluering av valgjennomføringa.