Valoppgjer ved stortingsval

Valoppgjeret fortel oss kva parti som har kome inn på Stortinget, med kor mange mandat og kva for nokre kandidatar som er valde.

Publisert:

Når oppteljinga er ferdig, fordeler fylkesvalstyra dei 150 distriktsmandata. Riksvalstyret fordeler utjamningsmandata etter at alle fylkesvalstyra er ferdige med valoppgjera sine.

Fordelinga av distriktsmandata skjer på grunnlag av St. Lagües modifiserte metode. Dette inneber at fylkesvalstyret skal summere kor mange røyster kvart parti eller liste har fått frå alle kommunar i fylket gjennom ei kontrollteljing. Røystetalet frå kvar liste skal delast på 1,4 – 3 – 5 – 7 og så vidare og røystetala skal dividerast så mange gonger som naudsynt for å finne talet på mandat som lista skal ha. Etter dette står kvart parti eller liste att med eit tal kvotientar. Det fyrste mandatet går til det partiet eller den lista som har den største kvotienten. Det andre mandatet går til partiet eller lista med den nest høgaste kvotienten. Slik held ein fram til fylket har fordelt alle distriktsmandata dei har. Dersom ein opplever at eit parti eller ei liste får same kvotient, gjev ein mandatet til den som har fått flest tal røyster. Dersom dei også har fått likt tal røyster, vil ein gjennomføre ei loddtrekning om kven som skal få mandatet.

Når fylkesvalstyret har fordelt distriktsmandata, skal dei fordele desse til kandidatane på listene. Dette gjer ein ved at ein fyrst tel namn som er oppførte som nummer 1 på røystesetlane. Ved stortingsval har veljarane høve til å renummerere rekkjefølgja på røystesetlane. Den kandidaten som har vorte ført opp som nummer 1 flest gonger, får representantplassen. Dersom fleire kandidatar får det same resultatet, er det den opphavlege rekkjefølgja på lista som gjeld. Dersom dette partiet eller lista skal ha fleire mandat, vil ein også telje opp dei namna som står som nummer 2 på røystesetlane på same måte. Slik held ein fram inntil alle representantplassane som partiet eller lista skal ha, er fordelte. Deretter gjer ein det same for dei andre partia og listene som har fått eitt eller fleire distriktsmandat.

Når fylkesvalstyra er ferdige med dette arbeidet, har dei gjort valoppgjeret sitt.