Fordeling av utjamningsmandat

Stortingsval handlar om å velje 169 stortingsrepresentantar. 19 av desse, eitt frå kvart fylke, er utjamningsmandat.

Publisert:

Føremålet med utjamningsmandata ligg i ordet. Eit utjamningsmandat skal utlikne eventuelle skeivskapar i representasjon etter at distriktsmandata er fordelte.

Slik det norske valsystemet er, vil alle røyster telje med i å avgjere kva for nokre parti som får éitt eller fleire av dei 19 utjamningsmandata. Men ikkje alle parti som stiller til val kvalifiserer seg til å kjempe om utjamningsmandata.

Difor er sperregrensa så viktig

Det er nesten ikkje mogleg å følgje ein valkamp eller lese ei meiningsmåling utan å få med seg at sperregrensa er viktig, men det er ikkje alltid like lett å skjøne kvifor ho er viktig. Alle parti som stiller lister, kjempar på lik fot i kampen om direktemandata. Får eit parti nok røyster til å vinne eit direktemandat i eitt fylke, kjem dei inn på Stortinget, sjølv om dei ikkje skulle få ei einaste røyst i noko anna fylke. Men det er berre parti som oppnår ei oppslutning på minst 4 prosent av røystene nasjonalt, som kan tildelast utjamningsmandat. Parti med lågare oppslutning er ikkje med i kampen om utjamningsmandata. Difor er sperregrensa så viktig.

Sjølve utrekninga: rigide reglar og kald matematikk

Når det skal avgjerast kor mange utjamningsmandat kvart av partia som kom over sperregrensa skal ha, skjer dette gjennom fleire utrekningar/steg.

Fyrst må det reknast ut kva for nokre parti som skal ha utjamningsmandat og kor mange dei skal ha. Dette gjer ein gjennom å rekne ut eit nytt valoppgjer der ein fordeler alle dei 169 mandata, men no med heile landet som éin valkrins. Denne fordelinga gjer ein med same metode som når fylkesvalstyra fordeler distriktsmandata, altså St. Lagües modifiserte metode.

Talet på mandat som partia får i dette nye oppgjeret, blir så samanlikna med talet på distriktsmandat dei alt har fått tildelt. Skilnaden mellom dei to oppgjera utgjer talet på utjamningsmandat som partiet skal ha. Dersom differansen er negativ, altså at partiet alt er «overrepresentert», må utrekninga gjerast på nytt utan dette partiet. Mandata dei har vunne, blir då haldne utanom.

Deretter må det avgjerast i kva fylke partia skal få utjamningsmandata sine. Først reknar ein ut ein fylkesfaktor, som er talet på gyldige røyster i fylket dividert på talet på distriktsmandat. Til dømes: Dersom det er gjeve 100 000 røyster i fylket og valt ti distriktsrepresentantar, blir fylkesfaktoren 100 000 / 10 = 10 000.

Deretter tek ein utgangspunkt i røystetalet partia har i fylka. Dersom partiet ikkje har vunne noko distriktsmandat, bruker ein røystetalet slik det er. Dersom partiet har fått distriktsmandat, skal røystetalet dividerast med ein kvotient som tilsvarar (talet på distriktsmandat x 2) + 1.

Røystetalet eller kvotienten skal til slutt dividerast med fylkesfaktoren

Dette reknestykket blir gjort for alle parti som skal få utjamningsmandat i alle 19 valdistrikt. Ein har då ei rekkje tal, eitt tal for kvart parti i alle fylka. Desse tala skal så rangerast frå høgast til lågast og dannar grunnlaget for fordelinga av utjamningsmandata.

Utjamningsmandat nr. 1 blir tildelt det partiet og det fylket som har det største talet. Utjamningsmandat nr. 2 blir tildelt det partiet og det fylket som har det nest største talet og så vidare.

Når eit fylke har fått eit utjamningsmandat, er det ute av konkurransen. Det same gjeld når eit parti har fått det talet utjamningsmandat det skal ha. Fordelinga held fram for dei andre fylka og partia til alle 19 utjamningsmandata er fordelte.

Fordi utjamningsmandata blir rekna ut på bakgrunn av røystetal frå heile landet, kan ikkje denne utrekninga gjerast før alle fylka er ferdige med tala sine. Utrekninga blir gjord av riksvalstyret, etter at fylkesvalstyra har godkjent sine respektive fylkesoppgjer og fordelt distriktsmandata.