Stortingsval

Når du røystar ved stortingsval, er du med på å avgjere kven dei 169 representantane er, som skal sitje i Noregs lovgjevande, løyvande og kontrollerande forsamling dei neste fire åra.

Publisert:

Stortinget sine hovudoppgåver er å vedta lovene vi skal leve etter i Noreg, avgjere korleis staten skal få inntektene sine og korleis pengane skal fordelast i samfunnet, og å kontrollere regjeringa. På Stortinget sine sider kan du lese meir om kva Stortinget er og kva for nokre oppgåver dei har.

Røysterett ved stortingsval

Røysteretten ved stortingsval er ålmenn, noko som inneber at røysteretten ikkje er innskrenka på bakgrunn av kjønn, religion, etnisitet, eigedomsinnehaving eller andre gruppeinndelingar. Likevel må du oppfylle nokre krav for å kunne røyste ved stortingsval.

Du må

  • vere norske statsborgar
  • ha fylt 18 år innan utgangen av valåret
  • vere, eller nokon gong ha vore, folkeregisterført som busett i Noreg

Det er også mogleg å miste røysteretten etter § 53 i Grunnlova.

Samansetjinga av Stortinget

Stortinget består av 169 representantar frå 19 valdistrikt og fordelte på 150 direktemandat og 19 utjamningsmandat. Valdistrikta i Noreg samsvarar med fylkesinndelinga slik ho var før regionreforma.

Fordelinga av mandat mellom valdistrikta blir gjord kvart åttande år og rekna ut på bakgrunn av innbyggjartal og areal i dei 19 valdistrikta.

Frå og med stortingsvalet 2021 gjeld følgjande fordeling

Valdistrikt

Innbyggarar pr. 1.1.2020

Areal pr. 1.1.2020 (km2)

Gjeldande mandatfordeling

2012-2020

Ny mandatfordeling 2020-2028

 

Østfold

299 447

4 004

9

9

Akershus

675 240

5 669

17

19 (+2)

Oslo

693 494

454

19

20 (+1)

Hedmark

197 920

27 398

7

7

Oppland

173 465

24 675

7

6 (-1)

Buskerud

266 478

14 920

9

8 (-1)

Vestfold

246 041

2 168

7

7

Telemark

173 355

15 298

6

6

Aust-Agder

118 273

9 155

4

4

Vest-Agder

188 958

7 278

6

6

Rogaland

479 892

9 377

14

14

Hordaland

528 127

15 438

16

16

Sogn og Fjordane

108 404

18 433

4

4

Møre og Romsdal

265 238

14 356

9

8 (-1)

Sør-Trøndelag

334 514

20 257

10

10

Nord-Trøndelag

134 188

21 944

5

5

Nordland

241 235

38 155

9

9

Troms Romsa

167 839

26 198

6

6

Finnmark Finnmárku

75 472

48 631

5

5