Sametingsval

Det er sametingsval i Noreg kvart fjerde år. Alle samar som er registrerte i valmanntalet til Sametinget, har røysterett.

Publisert:

Sametinget er det folkevalde parlamentet for det samiske folket i Noreg og er eit sjølvstendig folkevalt organ.

Sametingsvalet blir halde kvart fjerde år på same dagen som stortingsvalet. Det er 7 valkrinsar som dekkjer heile landet. Kvar valkrins får tildelt mandat etter talet på manntalsførte i krinsen. Til saman blir det valt 39 representantar frå heile landet.

Sametinget er øvste valorgan til sametingsvalet. Meir informasjon om Sametinget og sametingsval finn du på sametinget.no