Fylkestingsval

Fylkestinget er det øvste organet i fylkeskommunen.

Publisert:

Fylkestinget tek avgjerder om mellom anna vidaregåande opplæring, fylkesvegar med tilhøyrande ferjestrekningar, lokal kollektivtransport og kulturtiltak. I Oslo er det kommunestyreval og val til bydelsutval, men ikkje fylkestingsval.

Det er fylkestingsval i september kvart fjerde år, og neste gong i 2023. Valdagen blir fastsett av kongen før kvart val. Valdagen for valet i 2023 er ikkje fastsett.