Tilskotsmottakarar

Til stortings- og sametingsvalet 2021 har vi gjeve støtte til blant anna lettlesne nettløysingar, kampanjar i sosiale medium, informasjonstiltak retta mot innsette i fengsel og til TV-program og valaviser.

Publisert:

Tiltaka skal nå veljarar som ein ikkje like lett når gjennom ordinære informasjonskanalar, eller veljarar som treng særleg tilrettelagd informasjon.

Målet med tilskotsordninga er å:

  • auke kunnskapen dei med røysterett har om stortingsval og sametingsval
  • auke valdeltakinga
  • stø tiltak retta mot personar røysterett som har låg valdeltaking, som unge veljarar, veljarar med innvandrarbakgrunn og veljarar med behov for særskilt informasjon.

Totalt vart det søkt om tilskot for ca. 21,4 mill. kroner fordelt på 56 søknader. Beløpet til fordeling er på ca. 5,5 millionar kroner. Tilskota blir fordelte slik på dei prioriterte gruppene:

Unge veljarar: 2.200.00 kr

Veljarar med innvandrarbakgrunn: 1.985.000 kr

Veljarar med behov for særskilt informasjon: 1.165.000 kr

Tiltak som får tilskot

Osberget AS: Prosjekt med eit «demokratiseringsprogram» kalla «Hvorfor kom du til Norge?». Programmet skal gje veljarar med innvandrarbakgrunn og røysterett kunnskap om val, og medvit om kvifor det er viktig at dei bruker røysteretten. Gjennom ei nettside tilpassa for lesebrett og mobil skal målgruppa kunne oppleve ulike stader i landet for å bli betre kjent med dei verdiane som gjer at dei set pris på det å bu i Noreg.

Tildelt: 150 000 kr

Nordic screens AS: Ta Valget 2021-aksjonen er ei brei satsing på YouTube, Instagram, Snapchat og TikTok med morosam, informativ og inspirerande video om partia og stortingsvalet. Målet er å få fyrste- og andregongsveljarar til å bruke røysteretten - og ikkje minst å vere obs på høvet til å førehandsrøyste.

Tildelt: 476 000 kr

Stiftinga Døves media: Lage valsending for døve på teiknspråk. Typiske tema for valsendingane vil vere valordninga, partia, valkampen, sakene, profilane og konfliktane. Vi vil intervjue døve politikarar, høyrande politikarar, debattere saker og forklare samanhengar.

Tildelt: 55 000 kr

Stiftelsen Klar Tale: Gjev ut ei særskilt avisutgåve (papir, CD, PDF på nett, podkast på nett) om valet 2021 spesielt tilrettelagd unge menneske med skrive- og språkvanskar.

Tildelt: 200 000 kr

Norsk forbund for utviklingshemmede: Skal vidareutvikle nettressursen www.jegvilstemme.no med fyldig informasjon til stortings­valet og sametingsvalet, og å supplere og oppdatere informasjonen om politiske parti og partiprogram. Innhaldet skal bli universelt utforma, lettlese, teiknspråktolka og symbolsett.

Tildelt: 350 000 kr

Funksjonshemmedes fellesorganisasjon Vestland: Gjennomføre og strøyme paneldebatt med tema som er viktige for funksjonshemma. Dei skal også produsere kampanjevideoar om valet og få støtte til stands i samband med valet.

Tildelt: 100 000 kr

MIRA Ressurssenter for kvinner med minoritetsbakgrunn: Informasjonstiltaket «Bruk din stemme – gjør en forskjell!» retta mot kvinner og unge jenter med minoritetsbakgrunn. Tiltaket består av opplæring av «røystevener» som skal stimulere andre minoritetskvinner til å nytte røysteretten, mobiliserings- og dialogmøte og informasjonskampanje i sosiale medium.

Tildelt: 400 000 kr

Foreningen Røverhuset: Informasjonsarbeid retta mot innsette i fengsel og tidlegare straffedømte om kven som kan røyste, korleis dei røystar, parti som stiller til val, og kvifor røysteretten bør nyttast. Informasjonen skal spreiast gjennom fleirspråkleg informasjonsfilm og radioinnslag, møte mellom innsette og politikarar «på innsida», workshops i samfunnslære og spreiing av skriftleg informasjon om valet. Alt informasjonsarbeid og –materiell skal utviklast og produserast av innsette.

Tildelt: 350 000 kr

Be-ni forlag: «Hjelp – hvem skal bestemme?» eit lettlese hefte om valet retta mot fleire grupper utviklingshemma.

Tildelt: 30 000 kr

NorSom News: Produsere og distribuere fleire videoar på somalisk som tek føre seg demokratiets historie i Noreg, informasjon om valprosessen og partia og i tillegg praktisk informasjon om korleis røyste.

Tildelt: 250 000 kr

Splay One: Kampanje på Youtube der influencarar/påverkarar viser konsekvensane av å la andre bestemme over deg ved å ta over andre påverkarar sine kontoar.

Tildelt: 800 000 kr

Alavim velforening: Skal gjennomføre informasjonsarbeid i krinsen med lågast valoppslutning i landet. Blant tiltaket er arrangement på Alvimdagene og spreiing av informasjon i krinsen.

Tildelt: 105 000 kr

Kultura: Skal lage ein videopodkast-serie fram mot valet der programleiarar med psykisk utviklingshemming presenterer både lokalpolitikarar, utfører intervju og gjev lyttarane kunnskap om kvart einskild partiprogram.

Tildelt: 180 000 kr

Minhaj dialogforum: Arrangere to debattar på Stovner og i tillegg produsere podkastar med politikarar med innvandrarbakgrunn og innvandrarar med innverknad i miljøet. Denne blir distribuert på eigne Facebooksider og gjennom søkjaren sine samarbeidspartnarar. Søkjar ønskjer også å produsere ein informasjonsvideo om kor viktig det er med demokratisk deltaking gjennom val.

Tildelt: 60 000 kr

Stas artist AS: Programserie med små korte filmar, produsert av Stas Artist AS og filmselskapet Panbdore Film AS. Hovudmålet er å få fleire med røysterett til å bruke røysteretten sin til stortingsvalet i 2021.

Tildelt: 320 000 kr

Brusjan AS: Audiovisuell serie på seks episodar som skal publiserast på YLTV (Nordens største YouTube-kanal for urban musikk frå Skandinavia), men det skal også gjerast uttak i redaksjonelt innhald på nett og i sosiale medium. Serien skal la eit knippe unge veljarar med innvandrarbakgrunn utforske tema som dei brenn for og som er viktige for minoritetsungdom i Noreg. Dei skal intervjue alle sider, sjå på tal og data, og drøfte seg fram til ein konklusjon.

Tildelt: 700 000 kr

Magnus Rye: Videopodkast i ni episodar der partileiarane for dei største partia blir intervjua på unge sine premissar for Youtube, Instagram-TV, Facebook og podkast, og ein valvake på valdagen 13. september 2021.

Tildelt: 700 000 kr