Levere listeforslag

Fristen for å levere listeforslag er 31. mars kl 12. Sjå kva krav som gjeld og korleis du leverer listeforslaget ditt.

Publisert:

Det er fleire krav som må oppfyllast for at eit listeforslag kan godkjennast. Valdirektoratet har difor utarbeidd ein mal for innlevering av listeforslag til stortingsvalet 2021. Denne malen finn du i botnen av denne artikkelen. Det er ikkje eit krav at dei som stiller liste, bruker denne malen, men han gjer det enkelt å oppfylle krava i vallova til eit listeforslag. Bruk av malen lettar også arbeidet for valmedarbeidarar i fylkeskommunane når dei skal behandle listeforslaga.

Ønskjer du likevel å lage ditt eige skjema eller treng du meir utfyllande informasjon? Då bør du lese den fullstendige gjennomgangen av krava til listeforslag og behandling av desse i valhandboka.

Resten av denne rettleiinga tek utgangspunkt i at malen frå Valdirektoratet blir brukt.

Formelle krav og fristar

Det er lurt å merke seg nokre formelle krav og fristar:

  • Alle parti og grupper som ønskjer å stille til val, må levere listeforslag til valstyret i fylkeskommunen som er ansvarleg for det valdistriktet dei ønskjer å stille til val i.
  • Det er opp til valstyra kvar og korleis dei ønskjer å få listeforslaga leverte. Sjå nettsidene til den aktuelle fylkeskommunen eller ta kontakt med dei for meir informasjon.
  • Frist for å levere listeforslaget er 31. mars kl. 12.00. På dette tidspunktet må listeforslaget ha nådd fram til valstyret i fylkeskommunen. For parti og grupper som ikkje kjem inn under reglane om forenkla behandling, må det samlast inn eit visst tal underskrifter på listeforslaget frå personar med røysterett i det valdistriktet lista skal stille.
  • Underskriftene er underlagde teieplikt og skal ikkje offentleggjerast
  • Ei oversikt over fødselsdatoen til kandidatane må følgje ved listeforslaget

Utfylling av listeforslag

Ferdig bretta består malen av to sider for standard (A4). På sida med listekandidatar skal dette stå:

  • Overskrifta på listeforslaget
  • Kva valdistrikt det tilhøyrer
  • Kva val det gjeld for
  • Kandidatane som stiller til val

På påfølgjande side(r) skal listeforslaget underskrivast. Den som skriv, må føre opp:

  • Fullstendig namn
  • Bustadadresse med postnummer
  • Fødselsdato
  • Signatur

Alle som stiller listeforslag, skal ha ein tillitsvald og ein varatillitsvald. Tillitsvalde har mynde til å forhandle med valstyret i fylkeskommunen om endringar på listeforslaget. Kven dette er, skal opplysast på listeforslaget:

  • Før opp «tillitsvald», eller «vara» ved namnet til vedkomande
  • Dette bør vere dei to øvste underskriftene.
  • Dersom fleire underskrivarar skal fungere som tillitsvalde, med høve til å trekkje attende listeforslag, bør dette også opplysast i listeforslaget. Kontaktopplysningar til dei tillitsvalde bør opplysast

Dersom listeforslaget ikkje oppfyller krava i lova, skal valorganet og listestillaren prøve å få listeforslaget i samsvar med lova.

Malar

Nynorsk

Bokmål