Behandling av listeforslag

Før listene kan godkjennast, må fylkesvalstyra kontrollere at listene er korrekt utfylte og at dei inneheld korrekt og naudsynt dokumentasjon. Dei må også forsikre seg om at dei som står oppført på lista, godkjenner at dei stiller til val.

Publisert:

Parti og grupper som ønskjer å stille ved stortingsvalet 2021, må ha levert listeforslag til fylkeskommunen med ansvar for valdistriktet dei ønskjer å stille til val i, innan 31. mars klokka 12.

Fylkesvalstyra i dei aktuelle valdistrikta skal leggje ut alle innkomne listeforslag til offentleg ettersyn. Dersom du har spørsmål knytt til listene, må du kontakte den aktuelle fylkeskommunen som valdistriktet tilhøyrer.

Behandling og godkjenning av lister

Før listene kan godkjennast, må fylkesvalstyra kontrollere at listene er korrekt utfylte og at dei inneheld korrekt og naudsynt dokumentasjon i samsvar med valhandboka. Dei må også forsikre seg om at dei som står oppført på lista, godkjenner at dei stiller til val.

Listeforslaga skal behandlast innan 1. juni. Fylkesvalstyra sender så dei godkjende listene sine til Valdirektoratet. Når vi har mottatt godkjende lister frå alle valdistrikt, publiserer vi desse på valg.no.