Til Kommunestyre- og fylkestingsvalet 2019 : Valresultat og valoppgjer

Valoppgjeret ved fylkestingsval

Når kommunane og fylkeskommunane har talt opp alle røystesetlane og fordelt desse på parti, reknast dette resultatet om til representantfordelinga som utgjer fylkestinget. Dette kallast valoppgjer.

Publisert:

I Noreg har vi det vi kallar representativt demokrati. Det betyr at vi vel personar og parti som representerer meiningane våre til styringsorgan som Stortinget, fylkesting og kommunestyre. Det er valoppgjeret som fortel oss kva parti som har komne inn i fylkestinget og med kor mange og kva representantar som er valde. Utgangspunktet for valoppgjeret er det totale røystetalet til partia frå alle kommunar i fylket.

Val av metode

Eit valoppgjer er difor ei matematisk utrekning. Ved fylkestingsval skal opp mot fleire hundre tusen røyster gjerast om til eit avgrensa tal på representantar. Til dette finst det fleire moglege utrekningsmetodar. I Noreg brukar vi St. Lagües modifiserte metode ved alle val, som er den metoden som sikrar ein mest mogleg korrekt representasjon av valresultatet. Det betyr at det i Noreg er svært få røyster som til slutt ender opp med å ikkje få noko å seie for valoppgjeret.

Det store reknestykket

Når St. Lagües modifiserte metode blir brukt, blir røystetalet til kvart parti først delt på 1,4. Deretter delast det på 3 - 5 - 7 og så vidare. Dette held fram så mange gongar som må til for å finne talet på mandat partiet skal ha.

Etter dette står kvart parti igjen med eit tal kvotientar. Det første mandatet i fylkestinget går til partiet som har den største kvotienten. Det andre mandatet går til partiet med den nest høgaste kvotienten. Slik held ein fram til alle mandata i fylkestinget er tildelte. Dersom to parti får same kvotient, gjev ein mandatet til partiet med flest røyster. Om talet på røyster også er likt brukast loddtrekning for å tildele mandatet.

Når fylkesvalstyret har fordelt mandata på dei ulike partia, skal dei fordele dei til kandidatane på listene. Ved fylkestingsval kan veljarane gje personrøyster til kandidatane, og dette får påverknad for kva kandidatar som til slutt blir valde. For at personrøystene skal få noko å seie for kandidatkåringa må likevel kandidatane ha fått personrøyster på minst 8 prosent av dei godkjende røystesetlane. Er delen lågare enn 8 prosent ser ein bort frå personrøystene, og rekkjefølgja på lista blir avgjerande.

Døme på utrekning

Om eit parti har fått 3000 røyster, blir sperregrensa for personrøyster 240 (8 prosent av 3000). Seks kandidatar på lista har fått følgjande tal personrøyster:

  • Kandidat A: 90 personrøyster
  • Kandidat B: 290 personrøyster
  • Kandidat C: 150 personrøyster
  • Kandidat D: 310 personrøyster
  • Kandidat E: 100 personrøyster
  • Kandidat F: 250 personrøyster

Tre av kandidatane har fått fleire personrøyster enn sperregrensa, og skal rangerast etter dette. Kandidat D får første mandat, kandidat B får andre mandat og kandidat F tredje mandat. Dei tre andre kandidatane har fått færre personrøyster enn sperregrensa, og rangerast etter plassen sin på lista: A - C - E

Den fullstendige rekkjefølgja for kandidatane blir då: D - B - F - A - C - E

Når personrøystene er talde opp og kandidatane kåra på denne måten for alle parti, har fylkesvalstyret gjort valoppgjeret sitt!