Hugs at du også kan spørre ein valfunksjonær dersom du lurer på noko i vallokalet. Dersom du ønskjer å gjere endringar på røystesetelen, kan du lese meir om det her.
1. Ta røystesetlane du vil bruke:
ein for kommunestyrevalet og ein for fylkestingsvalet. I Oslo er det ikkje fylkestingsval.
2. Gjer eventuelle endringar på røystesetlane. Rettleiing står på røystesetelen.
3. Brett kvar av røystesetlane med partinamnet inn og feltet for stempling ut – då kan ingen sjå kva du røystar. Det skal ikkje vere konvolutt eller anna omslag rundt røystesetlane
4. Gå til ein valfunksjonær og få eit stempel på utsida av røystesetlane. Begge røystesetlane må ha stempel for å bli godkjende.