Til Kommunestyre- og fylkestingsvalet 2019 : Tilskot til informasjon

Støtte til å informere om val i 2019

Vil du bidra til at fleire røyster ved valet? Har du ein god idé om korleis vi kan få enda fleire veljarar til urnene? Slik kan du få støtte til din idé!


Valdirektoratet utlyser tilskotsmidlar til informasjonstiltak i forbindelse med kommunestyre- og fylkestingsvalet i 2019. Målet med tilskotet er å auke kunnskapen om val og/eller auke valdeltakinga. Tilskotet kan dekke utgifter knytt til informasjonstiltak, for eksempel konferansar og andre liknande arrangement, kampanjar, internettsider, produksjon og distribusjon av trykksaker og så vidare.

Tiltak retta mot unge veljarar, veljarar med innvandrarbakgrunn og veljarar med behov for særskilt tilrettelagt informasjon blir prioritert.

Det er organisasjonar og andre aktørar som er registrert i einingsregisteret/frivilligregisteret som kan søke om tilskot. Det er eit krav at tiltaket det blir søkt om tilskot til er partipolitisk nøytralt. Enkeltpersonar, kommunar, fylkeskommunar og politiske parti kan ikkje søke om dette tilskotet.

Regjeringa har i statsbudsjettet foreslått at det blir løyva 5,2 millionar kroner til formålet. Valdirektoratet tar atterhald om at Stortinget vedtar løyvinga før tilskot kan betalast ut. Erfaring tilseier at det blir søkt om langt meir tilskot enn det er midlar til. Det er derfor mogleg at også søknadar som blir innvilga får utmålt mindre tilskot enn det dei søkte om.

Meir informasjon om søknadsprosessen finner du i retningslinjene for tilskotssordninga. Søknad kan sendast inn ved å nytte Valdirektoratet sitt elektroniske søknadsskjema.

Tilskotsordninga blir forvalta av Valdirektoratet. Ved spørsmål om ordninga, kontakt Valdirektoratet:

Søknadsfristen er 30. november 2018.