Til Kommunestyre- og fylkestingsvalet 2019 : Tilskot til informasjon

Deler ut 5,2 millionar til informasjonstiltak

Valdirektoratet deler ut tilskot til informasjonstiltak for å auke kunnskap om valet og/eller auke valdeltakinga. Spesielt tiltak retta mot grupper med lav valdeltaking blir prioritert.


Prosjekt som blir finansierte av tilskotsordninga skal vere partipolitisk nøytrale. Politiske parti og lister kan derfor ikkje få støtte gjennom ordninga. Det same gjeld  einskildpersonar og offentlege forvaltningsorgan.

Tilskotet kan bli gitt til alle typar tiltak som er eigna til å auke kunnskap om valet og/eller auke valdeltakinga. Dette gjeld for eksempel:

  • Kampanjar av ulike slag
  • Audiovisuelle produksjonar
  • Informasjonstiltak av ulike slag
  • Konferansar og liknande arrangement
  • Produksjon og distribusjon av trykksaker
  • Kulturtiltak
  • Nettverksarbeid

Ved kommunestyre- og fylkestingsvalet i 2019 er det særlig unge veljarar, veljarar med innvandrarbakgrunn og veljarar med behov for særskilt informasjon informasjonstiltaka skal nå. Det var også tilfelle førre gang Valdirektoratet delte ut tilskot, i forbindelse med stortings- og sametingsvalet i 2017. Den føreslegne løyva i statsbudsjettet på 5,2 millionar kroner er også lik løyva i 2017.

Interessa rundt tilskotsordninga er tradisjonelt stor, med langt fleire søknader enn det er midlar til.  Søknadene blir derfor grundig gjennomgått og vurdert opp mot kvarandre. I forbindelse med stortings- og sametingsvalet i 2017 kom det inn 122 teljande søknadar om i alt 31 millionar kroner. Etter søknadshandsaminga blei det vedtatt å gi tilskot til 16 av disse.

Mangfald av tiltak i 2017

Blant prosjekta i 2017, var informasjon retta mot ungdom og innvandrarar gjennom populære Youtubarar. Det blei også gitt bidrag til SMS-varsling mot same målgruppe og det blei utarbeida eit magasin i regi av stiftelsen Klar tale retta mot veljarar med behov for særskilt tilrettelagt informasjon.

Sjå heile lista over mottakarar i 2017.

Slik blir midla fordelt

Valdirektoratet kunngjer ordninga like i etterkant av at statsbudsjettet blir lagt fram, med søknadsfrist 30. november. Deretter blir søknadene handsama og vedtak blir sendt ut til alle søkarar innan 15. januar.

Midla blir utbetalt gjennom våren og sommaren og fram mot valdagen, etter ein utbetalingsplan som søkarane legger ved søknaden.

Når prosjekta er gjennomført skal mottakarane rapportere på bruken av midlane. Frist for dette er 30. november. For tilskot på meir enn 100 000 kroner må mottakarane i tillegg sende inn revisorattestert rekneskap innan 30. juni 2020.