Til Kommunestyre- og fylkestingsvalet 2019 : Røysterett

Manntal

Manntalet er ei liste over alle personer som har stemmerett ved val i Norge.


Det er ikkje naudsynt å registrere eller på nokon måte melde seg inn i manntalet – alle som har stemmerett er manntalsført.

Styrt av folkeregisteret

Det er folkeregisteret som blir lagt til grunn for manntalet. Kvar du er manntalsført og har stemmerett, er difor avhengig av i kva for kommune du er folkeregisteret som busett i per 30. juni kvart valår. Denne datoen blir kalla skjæringsdatoen. Dersom du registrerer flytting til ein anna kommune etter 30. juni i valåret, har du stemmerett i din gamle bustadkommune. Dersom du registrer flytting før 30. juni i valåret vil du ha stemmerett i din nye bustadkommune.

Kva om eg bur i utlandet?

Som busett i utlandet er du som hovudregel innført i manntalet. Unntaket er du har budd i utlandet i meir enn ti år. Om det er tilfelle, må du søke om innføring i manntalet i den kommunen som du sist var folkeregistrert i for at stemma di skal bli godkjent.

Manntalet er med på å sikre korrekt val

Når du stemmer blir legitimasjon din sjekka opp mot manntalet for å stadfeste at du har stemmerett. Etter at du har lagt stemmesetelen i urna blir du kryssa av i manntalet av stemmemottakaren. Når du er kryssa av i manntalet kan du ikkje ombestemme deg og stemme om igjen.

Korleis kan eg sjekke om eg er manntalsført, og i kva for kommune?

Alle kommunar i Noreg er pålagde å skrive ut eit sokalla utleggingsmanntal. Utleggingsmanntal er eit manntal som blir gjort offentleg tilgjengeleg og der du som veljar har moglegheit til å kontrollere eigne opplysningar, og eventuelt sende inn ei klage dersom det er feil i manntalet. Utleggingsmanntalet blir gjort offentleg tilgjengeleg i kommunen i løpet av juni i valåret. Det er verdt å merke seg at kommunane ikkje har lov til å publisere utleggingsmanntalet for sin kommune elektronisk. Det skal berre føreligge i papirutgåve. Manntalet er delt mellom forbokstaven i etternamnet ditt, so det vil ikkje ta lang tid å finne fram til kvar du står i manntalet.