Til Kommunestyre- og fylkestingsvalet 2019 : Førehandsrøyste

Slik røystar du på førehand i utlandet, på Svalbard og Jan Mayen

Du kan førehandsrøyste utanriks, på Svalbard og Jan Mayen ved å vende deg til ein utanriksstasjon eller ein røystemottakar som er oppnemnd av Sysselmannen på Svalbard eller av Valdirektoratet. Utanriks kan du også brevrøyste.


Dersom du røystar på førehand, kan du ikkje stemme på nytt på valdagen. Du kan heller ikkje røyste på førehand fleire gonger.

Slik førehandsstemmer du når du stemmer hos ein røystemottakar:

  1. Du må møte personleg på ein utanriksstasjon, hos ein røystemottakar i utlandet eller hos ein røystemottakar på Svalbard og Jan Mayen.
  2. Røystemottakaren gjer deg kjent med framgangsmåten ved røystegjevinga og gjev deg skrivesaker, røystesetlar og ein røystesetelkonvolutt. Deretter blir du vist du til ein stad der du kan stemme i einerom og utan at nokon annan ser deg.
  3. Du kryssar av på røystesetelen for det partiet du ønskjer å røystee på. Vil du røystee på eit anna parti eller gruppe, skriv du namnet på denne lista i eit eige felt. Markerer du ikkje av for eit parti eller gruppe, røystar du blankt. 
  4. Du legg røystesetelen (-setlane) i den brune
    røystesetelkonvolutten.
  5. Røystemottakaren gjev deg ein kvit omslagskonvolutt som du legg røystesetelkonvolutten i. Deretter limer du omslagskonvolutten igjen.
  6. Røystemottakaren fører på omslagskonvolutten dei nødvendige opplysningane og signerer på den.
  7. Røystemottakaren gjev deg deretter omslagskonvolutten, slik at du kan signere og dermed stadfeste at det som står skrive på omslagskonvolutten, er rett. Sjå til at alle nødvendige opplysningar er med. Det er særleg viktig at namn, fødselsnummer (11 siffer) og (eventuelt tidlegare) bustadadresse i Noreg er korrekt utfylt.
  8. Røystemottakaren sørgjer for at førehandsrøyste blir send direkte til valstyret i den kommunen du er manntalsført.