Til Kommunestyre- og fylkestingsvalet 2019 : Førehandsrøyste

Slik førehandsstemmer du ved brevpost

Dersom du er ein stad i utlandet der det ikkje er mogleg å oppsøkje ein stemmemottakar for å gje di stemme, kan du førehandsstemme ved brevpost

Publisert:

Når ein førehandsstemmer i utlandet, er det vanlegvis ein offentleg oppnemnd stemmemottakar som tek imot stemmegjevinga. Stemmemottakaren har alt nødvendig valmateriell, og syter for at stemmegjevinga blir send til den kommunen der veljaren er innført i manntalet.

Dersom du er ein stad i utlandet der det ikkje er mogleg å oppsøkje ein stemmemottakar for å gje di stemme, kan du førehandsstemme ved brevpost (brevstemmegjeving utanriks).

Du kan be om å få tilsendt nødvendig offisielt valmateriell frå dei fleste norske utanriksstasjonar, slik at du kan sende stemma di i posten frå der du er.

I enkelte tilfelle er det likevel ikkje mogleg å få tak i offisielt valmateriell. Du kan då bruke blanke ark som stemmesetel/-setlar, eller du kan skrive ut ein offisiell stemmesetel frå valg.no. Du må i tillegg ha tre konvoluttar. Du kan bruke heilt alminnelege konvoluttar, men det er ein fordel om dei har ulik storleik. Av omsyn til at det skal vere hemmeleg val, bør du unngå å bruke konvoluttar med namn på selskap, organisasjon eller liknande. Stemmegjevinga blir likevel ikkje forkasta dersom ein slik konvolutt er brukt.

Sidan konvoluttane har kvar sin funksjon, har dei fått ulike namn:

  • «Stemmesetelkonvolutten» bruker du til å leggje stemmesetelen/-setlane i.
  • «Omslagskonvolutten» bruker du til å registrere nødvendige opplysningar om deg som gjev stemme, og til å leggje stemmesetelkonvolutten i.
  • «Sendingskonvolutten» bruker du til å leggje omslagskonvolutten i, og bruker han deretter til å sende stemmegjevinga di til den kommunen i Noreg der du er innført i manntalet og har stemmerett.

På det blanke arket du bruker som stemmesetel, må du skrive:

  • Kva for eit parti eller gruppe du stemmer på.
  • At stemma er gjeven til kommunestyrevalet 2019 i … kommune (her må du skrive namnet på den kommunen der du deltek i valet / har stemmerett) eller til fylkestingsvalet 2019 i … fylke (her må du skrive namnet på det fylket der du deltek i valet / har stemmerett).

Du må nytte eitt ark til kommunestyrevalet og eitt ark til fylkestingsvalet dersom du ønskjer å stemme ved begge vala.

I Oslo er det kommunestyreval og val til bydelsutval, men ikkje fylkestingsval. Er du manntalsført i Oslo kommune og ønskjer å stemme ved val til bydelsutval, må du bruke eit blankt ark og skrive namnet på partiet/gruppa du stemmer på. Skriv også at stemmesetelen gjeld for val til bydelsutval 2019 i den bydelen der du har stemmerett.

Framgangsmåte for førehandsstemmegjeving ved brevpost utanriks

1. Gjer ditt val av parti eller gruppe.

Nyttar du ein offisiell stemmesetel – Kryss av på parti eller gruppe.

(Dersom det partiet/den lista du ønskjer å stemme på ikkje står oppført på setelen, kan du skrive namnet på partiet/lista nedst på stemmesetelen på tilvist stad.)

Nyttar du eit blankt ark – Skriv namn på parti eller gruppe, og kva for eit val du gjev stemme til.

2. Legg stemmesetelen/-setlane i ein stemmesetelkonvolutt.

Stemmesetel for kommunestyreval 2019 og stemmesetel for fylkestingsval 2019 (eventuelt stemmesetel for val til bydelsutval 2019 i den bydelen i Oslo kommune der du har stemmerett) legg du i same konvolutt.

Konvolutten bør limast att.                  

3. Legg stemmesetelkonvolutten i ein omslagskonvolutt, og lim att omslagskonvolutten.

Er omslagskonvolutten open, blir stemmegjevinga forkasta.

4. Før på nødvendige opplysningar på omslagskonvolutten:

Nyttar du ein offisiell omslagskonvolutt for førehandsstemmegjeving utanriks – skriv nødvendige opplysningar på omslagskonvolutten nøyaktig og forståeleg. Det er særleg viktig at namn, fødselsnummer (fødselsdato + personnummer, 11 siffer) og (eventuelt tidlegare) bustadadresse i Noreg er riktig.

Nyttar du ein vanleg konvolutt som omslagskonvolutt, må du skrive følgjande opplysningar på konvolutten:

  • «Til valstyret i …………………………… kommune»

Her skriv du inn namn på kommunen der du er folkeregisterført som busett i Noreg.

  • adresse til den kommunen der du er folkeregisterført/kommunen der du sist var folkeregisterført som busett
  • tid og stad for stemmegjevinga
  • ditt fulle namn (eventuelt også tidlegare namn) og fødselsnummer (fødselsdato + personnummer, 11 siffer)
  • adressa di i Noreg 30. juni i valåret, eventuelt siste folkeregisterførte bustadadresse i Noreg dersom du har meldt flytting til utlandet *
  • at du førehandsstemmer ved brevpost (brevstemmegjeving utanriks)
  • Dersom det er mogleg, bør eit vitne stadfeste at det som er påført omslagskonvolutten, er korrekt. Namn, fødselsdato og adresse til vitnet skal førast på omslagskonvolutten. Det er ikkje krav om at vitnet er norsk statsborgar. Vitnet stadfester av det som er påført, er korrekt ved å underskrive på omslagskonvolutten.
  • Skriv underskrifta di på konvolutten. Du stadfester då at opplysningane du har gjeve, er riktige.

5. Legg omslagskonvolutten i ein sendingskonvolutt, og adresser sendingskonvolutten til valstyret i den kommunen der du er folkeregisterført/kommunen der du sist var folkeregisterført som busett. Oversikt over postadresser til valstyra finn du her.

Stemmegjevinga er no klar til å sendast med posten til Noreg.

For å bli godkjent må stemmegjevinga kome fram til valstyret i kommunen innan kl. 17.00 dagen etter valdagen, det vil seie tysdag 10. september.

* Har du vore registrert busett i utlandet i meir enn 10 år før valdagen, søkjer du samtidig med stemmegjevinga om innføring i manntalet i den kommunen der du sist var folkeregisterført som busett. Du må også forsikre at du framleis er norsk statsborgar. Søknaden kan skrivast utanpå den vanlege konvolutten du nyttar som omslagskonvolutt på følgjande måte: «Eg søkjer med dette om innføring i manntalet i den kommunen i Noreg der eg sist var folkeregisterført som busett. Eg forsikrar at eg er norsk statsborgar.»