Til Kommunestyre- og fylkestingsvalet 2019 : Førehandsrøyste

På flyttefot?

Har du nett flytta? Dersom du ønskjer å røyste i den nye kommune din må du melde flytting til Folkeregisteret før 30. juni.


Manntallet er oversikta over alle som har røysterett ved valet. Det er Folkeregisterets opplysningar pr. 30. juni som er grunnlaget for manntallet. Det er altså adressa di på denne datoen som avgjer kva for kommune du har røysterett i.

Dersom flyttemeldinga di har kome fram til Folkeregisteret innan 30. juni, blir du ført inn i manntallet i den nye kommune din. Kjem flyttemeldinga fram til Folkeregisteret etter 30. juni, er det den gamle adressa di som avgjer kva for kommune du har røysterett i. 

Du må melde flytting til Folkeregisteret for å bli innført i manntallet til den nye kommunen din. Det er ikkje nok å melde adresseendring til Posten.