Til Kommunestyre- og fylkestingsvalet 2019 : Førehandsrøyste

Førehandsrøyste

Det er mogleg å førehandsrøyste til kommunestyre- og fylkestingsvalet 2019 frå og med 10. august til og med 6. september.


I Noreg er det mogleg å førehandsrøyste før sjølve valdagen. Det er ein av dei lengste førehandsrøysteperiodane som finst.

I denne perioden kan du røyste i det førehandsrøystelokalet du måtte ønske i heile landet. Det er viktig å hugse på at det ikkje er mogleg å angre på røystegjevinga si i Noreg. Det betyr at om du førehandsrøystar, så kan du ikkje røyste på nytt, heller ikkje på valdagen.

I Noreg er det kommunen som tek imot førehandsrøyster. Kommunen avgjer kva tid og kvar det er mogleg å førehandsrøyste, og informerer veljarane sine om dette. Kommunen er lovpålagd å ta imot førehandsrøyster på helse- og omsorgsinstitusjonar.

Lurar du på kvar vallokala er? Eller kva som er opningstida? Når førehandsrøysteperioden nærmar seg legg vi ut alle førehandsrøyste- og vallokale med opningstider på vallokaler.no.

Ønskjer du å førehandsrøyste i ein annan kommune enn der du er manntalsført?

Om du førehandsrøystar i ein annan kommune enn heimkommunen din ved kommunestyre- og fylkestingsvalet, får du utdelt ein røystesetel som er påført namn på dei registrerte politiske partia. Denne røystesetelen inneheld ikkje kandidatnamn. Du må då krysse av for eller skrive på kva parti/gruppe du vil røyste på. Du kan også sjølv skaffe røystesetel frå kommunen din og bruke denne om du ønskjer å gje personrøyster til kandidatar på lista. 

Du skal deretter få ein valfunksjonær til å stemple røystesetelen, før du legg han ned i ein røystesetelkonvolutt. Røystesetelkonvolutten og valkortet blir så lagt ned i ein omslagskonvolutt, som deretter leggjast i valurna. Røysta blir sendt til heimkommunen din for oppteljing.