Stortings- og sametingsvalet 2021
Valdagen er måndag 13. september, og da må du røyste i eigen kommune.
Hugs legitimasjon!
Kor er næraste vallokale?
Valdagen er måndag 13. september.

Slik røystar du
Ta den røystesetelen du vil bruke.
Gjer eventuelle endringar på røystesetelen (sjå rettleiing nedanfor).
Brett røystesetelen med partinamnet inn og feltet for stempling ut – då kan ingen
sjå kva du røystar. Det skal ikkje brukast konvolutt eller anna omslag rundt røystesetelen.
Gå til ein valfunksjonær, vis legitimasjon og få eit stempel på utsida av røystesetelen.
Røystesetelen må ha stempel for å bli godkjend!
Legg den stempla røystesetelen i valurna.
Endringar på røystesetelen
Du kan gjere nokre endringar på røystesetelen. Å gjere endringar på røystesetelen påverkar ikkje kor mykje røysta di tel. Rettleiing for korleis du gjer endringar, står også på røystesetelen.
Endre rekkjefølgja på kandidatane
Set eit (nytt) nummer i ruta til venstre for namnet til kandidaten(-ane) slik at du markerer korleis du vil at rekkjefølgja på kandidatane skal vere.
Stryke kandidatar
Set eit kryss i ruta til høgre for namnet til kandidaten(-ane) du vil stryke.
Hugs legitimasjon
Du må vise legitimasjon når du skal røyste. Legitimasjon kan til dømes
vere pass, nasjonalt ID-kort, førarkort eller bankkort med bilete, men du kan også bruke
annan type legitimasjon. Legitimasjonen må minst innehalde namn,
fødselsdato og bilete.
Dersom du oppheld deg på ein institusjon som sjukeheim, sjukehus eller
fengsel, kan du få ein tilsett ved institusjonen til å stadfeste identiteten din.
Den tilsette må då legitimere seg.
Digitalt valkort
I år har dei fleste motteke valkortet digitalt.
Valkortet er først og fremst ein stadfesting på at du har røysterett.
Veljarar som nyttar digital postkasse frå Digipost eller E-boks har fått valkortet der. Har du ikkje ei digital postkasse er valkortet tilgjengeleg i Altinn.
Logg inn i tenesten du nyttar for å finne valkortet ditt:
Veljarar som har reservert seg mot elektronisk post i kontakt- og reservasjonsregisteret, eller som ikkje har oppdatert eller stadfesta kontaktinformasjonen sin i registeret dei siste 18 månadene hr fått valkortet tilsendt på papir.
Kven kan røyste?
Du har røysterett ved stortingsvalet dersom du
- er norsk statsborgar
- har fylt 18 år innan utgangen av 2021
- er, eller nokon gong har vore, folkeregisterført som busett i Noreg
Følg smittevernreglar og råd
Det er viktig at du følgjer smittevernreglar og råd som gjeld der du bur. Hugs å halde avstand og ha god handhygiene når du røystar, og ikkje dra til røystelokalet dersom du er sjuk.
Også veljarar som er sjuke, i isolasjon eller karantene skal få høve til å
røyste. Ta kontakt med kommunen din for meir informasjon.
Hjelp til å røyste i vallokalet
Ta kontakt med ein valfunksjonær dersom du har spørsmål eller treng
rettleiing når du skal røyste. Valfunksjonærane har teieplikt.
Har du ei psykisk eller fysisk funksjonsnedsetjing som gjer at du ikkje kan
røyste åleine? Då har du rett på å få hjelp til å røyste av ein valfunksjonær
eller ein annan person som du sjølv peikar ut.
Les meir om korleis du kan få hjelp til å røyste i eit vallokale, på ein institusjon eller heime.
Kvar og kva tid kan du røyste?
På valdagen må du røyste i kommunen du er folkeregistrert busett i per 30. juni 2021. Du kan røyste i kva som helst av vallokala i kommunen.
Dersom du er i karantene, skal du ikkje røyste i ordinære vallokale.
Dersom du er i isolasjon, skal du røyste heimanfrå. Ta kontakt med
kommunen for informasjon om kva som gjeld der du bur.
Informasjon på fleire språk
- الانتخابات البرلمانية والبرلمانية الصامية 2021 (Arabisk)
- Parliamentary and Sami Parliamentary Elections 2021 (Engelsk)
- انتخابات مجلس و مجلس سامی ۲۰ (Persisk/Farsi)
- Stuorradigge- ja sámediggeválga 2021 (Lulesamisk)
- Stuorradiggeja sámediggeválggat 2021 (Nordsamisk)
- Stortings- og sametingsvalget 2021 (Norsk bokmål)
- Stortings- og sametingsvalet 2021 (Nynorsk)
- Выборы в парламент и в саамский парламент в 2021 году (Russisk)
- Doorashooyinka Baarlamaan iyo Baarlamaan Dhexe ee 2021 (Somali)
- Stoerredigkiejïh saemiedigkieveeljeme 2021 (Sørsamisk)
- การเลือกตั้งสมาชิกรัฐสภาและการเลือกตั้งสมาชิก รัฐสภาซามีแห่งปี 2564 (Thai)
- ባይቶኣውን ክፋል ባይቶኣውን ምርጫታት 2021 (Tigrinja)
- Seçmenlerin yararlanabileceği önemli bilgiler (Tyrkisk)
- پارلیمانی اور سامی پارلیمانی انتخابات 2021 (Urdu)
- Bầu cử Nghị viện và Nghị viện Sami năm 2021 (Vietnamesisk)