Valkort

Fram til førehandsrøystegjevinga startar den 10. august send vi ut valkort til alle røysterføre. Dei aller fleste kjem til å få valkortet i si digitale postkasse.

Oppdatert:

Alle som får valkortet digitalt får tilsendt ei varsling om dette på SMS. Når du har fått denne SMS-en er valkortet ditt tilgjengelig i den digitale postkassa di.

Slik finner og brukar du det digitale valkortet ditt.

  1. Gå til den digitale postkassetenesta du brukar: Digipost, E-boks eller Altinn
  2. Åpne valkortet
  3. Vis valkortet ditt på mobilen til valgfunksjonæren når du skal røyste

Kvifor får eg valkort?

Å få valkortet er først og fremst ei stadfesting på at du har røysterett. På valkortet står det også mykje nyttig informasjon som er lurt å lese før du går og røyster. Blant annet står det kva for valkrets du tilhøyrer slik at det er enkelt for deg å vite kor du skal røyste på valgdagen.

Må eg ha valkort for å røyste?

Du må ikkje ta med valkortet når du røyster, men om du viser det frem på mobilen når du skal avlegge røysta di, er det enklare og raskare for valfunksjonærane å finne deg i manntalet.

Kan eg røyste på nett med digitalt valkort?

Nei, det er ikkje mogleg å røyste på nett ved val i Noreg. Alle røyster avleggjast på papir som normalt. Du finn vallokaler og opningstider på valglokaler.no. Du kan førehandsrøyste i alle landets kommunar frå 10. august til 10. september. På valdagen må du røyste i din eigen kommune.

Hugs legitimasjon når du skal røyste

Sjølv om valkortet er ei stadfesting på din røysterett, fungerer det ikkje som legitimasjon. Hugs difor at det einaste du må ta med deg når du skal røyste, er legitimasjon med fullt namn, fødselsdato og bilete.

Desse får valkortet på papir

Enkelte kjem framleis til å få valkortet tilsendt på papir. Dette gjeld personar som har reservert seg mot elektronisk post i kontakt- og reservasjonsregisteret, eller som ikkje har oppdatert eller stadfesta kontaktinformasjonen i registeret dei siste 18 månadene.