Røyste på valdagen

Valdagen er 13. september. I nokre kommunar kan du også røyste 12. september. Desse dagane må du røyste i kommunen der du er registrert som busett i Folkeregisteret.

Publisert:

Du må ha med legitimasjon når du skal røyste. Det er ikkje nok å ha med valkort, eller å opplyse om namn og fødselsdato.

Her kan du sjå kva som er godkjent som legitimasjon.

Det er ikkje nødvendig å ta med valkort, men dersom du gjer det, vil det gå raskare i vallokalet.

Hugs at dersom du lurer på noko når du er i vallokalet, kan du spørje ein valfunksjonær.