Røysterett og manntal
Her kan du sjå kven som har røysterett ved stortingsvalet 2021 og korleis du sjekkar om du står i manntalet.
Du har røysterett dersom du er:
- norsk statsborgar
- har fylt 18 år innan utgangen av 2021
- er, eller har vore, registrert i folkeregisteret som busett i Noreg
Tilsette i diplomatiet eller konsulatvesenet og husstanden deira har røysterett sjølv om dei ikkje oppfyller busetjingskriteriet.
Står du i manntalet?
Manntalet er ei oversikt over alle som har røysterett i ein kommune.
Du blir automatisk registrert i manntalet i den kommunen du er folkeregistrert som busett i den 30. juni i valåret.
Flyttar du til ein annan kommune etter 30. juni, har du røysterett i kommunen du flytta frå.
Bur du i utlandet?
Er du busett i utlandet, men har vore registrert i folkeregisteret som busett i Noreg nokon gong i løpet av dei siste 10 åra, blir du automatisk ført inn i manntalet i kommunen der du var registrert som busett då du flytta frå Noreg.
Dersom du ikkje har vore registrert busett i Noreg dei siste 10 åra, må du søkje din siste bustadkommune om å bli ført inn i manntalet. Dersom du ikkje nokon gong har vore folkeregisterført som busett i Noreg, skal du søkje til Oslo kommune.
Slik sjekkar du om du er manntalsført
Du kan kontakte den kommunen du sist var registrert i. Alle kommunar i Noreg er pålagde å leggje ut eit såkalla utleggingsmanntal. Utleggingsmanntal er eit manntal som blir gjort offentleg tilgjengeleg og der du som veljar har høve til å kontrollere eigne opplysningar, og eventuelt sende inn klage dersom det er feil i manntalet.
Slik søkjer du om å bli innført i manntalet
Du søkjer ved å skrive under på omslagskonvolutten som blir nytta ved førehandsrøystegjeving utanriks. Dersom du førehandsrøystar i Noreg eller ikkje nyttar den nemnde omslagskonvolutten, må du søkje særskilt. Dette kan gjerast i eit vanleg brev eller ved å fylle ut skjema for søknad om innføring i manntalet. Dette kan du gjere samstundes som du gjev røysta di. Søknaden må innehalde ei erklæring om at du framleis er norsk statsborgar.
Søknaden skal sendast til valstyret i den kommunen der du sist var registrert busett i Noreg. Søknaden må vere komen fram til valstyret innan 14. september kl. 17.00 for å kunne bli innvilga.