Røyste frå utlandet

Det er mogleg å røyste frå utlandet, Svalbard og Jan Mayen frå 1. juli.

Publisert:

Veljarar som bur eller oppheld seg i utlandet, kan førehandsrøyste hos utanriksstasjonar eller oppnemnde røystemottakarar. Svalbard og Jan Mayen er omfatta av dei same reglane som utanriksrøystegjeving.

Kvar kan eg røyste?

Du kan førehandsrøyste på dei fleste norske utanriksstasjonar. Det vil seie ambassadar, generalkonsulat og konsulat, og hos røystemottakarar oppnemnde av Sysselmannen på Svalbard og av Valdirektoratet. Dette kjem det meir informasjon om seinare.

Her finn du oversikt over kor du kan røyste i utlandet.

Veljarar i utlandet som ikkje kan oppsøkje ein røystemottakar, kan sjølv sende røysta si til heimkommunen i Noreg i eit brev, såkalla brevrøystegjeving.

Når er fristen for å røyste?

Siste dag for å førehandsrøyste frå utlandet er 3. september, medan den på Svalbard og Jan Mayen er 10. september.

Veljaren er sjølv ansvarleg for å røyste så tidleg at røysta kjem fram til riktig kommune seinast kl. 17 dagen etter valdagen 13. september for å telje med i oppgjeret. Hugs difor å røyste så tidleg at røysta kjem fram i tide med normal postgang.

Det blir ikkje brukt valkort ved førehandsrøystegjevinga i utlandet. Det einaste du treng å ta med er legitimasjon.