Legitimasjon

Du må ha med legitimasjon når du skal røyste. Det er ikkje nok å ha med valkort, eller å opplyse om namn og fødselsdato.

Publisert:

Dersom du er ukjend for røystemottakaren i vallokalet, må du legitimere deg. Dette er fordi det skal vere mogleg å kontrollere at du er den du gjev deg ut for å vere. Dersom det ikkje er mogleg å stadfeste dette, får du heller ikkje gjeve røysta di. Andre personar i vallokalet kan heller ikkje gå god for identiteten din.

Kva er godkjent som legitimasjon?

Døme på legitimasjon er pass, førarkort og bankkort med bilete. Det er også mogleg å nytte andre former for legitimasjon, men minstekravet er at det må innehalde namn, fødselsdato og bilete.

Stadig fleire bankkort blir i dag produserte utan bilete. For at legitimasjonen skal reknast som gyldig, må det vere eit bilete trykt på. Røystemottakar skal likevel utvise skjøn ved vurdering av veljaren sin legitimasjon. Så lenge legitimasjonen viser at veljaren er den vedkomande gjev seg ut for å vere, er det rekna som godt nok. Dette gjeld også sjølv om legitimasjon eventuelt har gått ut på dato.

Unntak på institusjonar

Det finst berre éin unntaksregel når det gjeld framvising av legitimasjon, og dette er for veljarar som oppheld seg på institusjonar som helse- og omsorgsinstitusjonar og fengsel. Her er det ikkje eit absolutt krav at veljaren må identifisere seg, fordi det kan vere tilfelle der veljar ikkje har legitimasjonspapir tilgjengeleg. I slike tilfelle kan ein tilsett ved institusjonen gå god for identiteten til veljaren. Det er då eit vilkår at den tilsette kan legitimere seg.