Røyste på institusjon

Kommunen er pålagd å halde førehandsrøystegjeving på helse- og omsorgsinstitusjonar. I tillegg blir kommunane oppmoda om å halde førehandsrøystegjeving på andre institusjonar.

Publisert:

Kommunane skal informere innbyggjarane/bebuarane om når og kvar dette kjem til å skje. Dersom du som veljar bur på ein helse- og omsorgsinstitusjon eller annan institusjon der kommunane held førehandsrøystegjeving, kan du gje røysta di der du oppheld deg.

Kven kan gje røysta si på institusjonar og når går dette føre seg?

Førehandsrøystegjeving på institusjonar blir halde slik at bebuarar på desse stadene skal få høve til å gje røysta si dersom det er vanskeleg å kome seg til ordinære førehandsrøyste- eller vallokale. Når førehandsrøystegjevinga blir halden, er denne likevel open for alle. Det inneber at både bebuarar, tilsette og pårørande kan gje røysta si.

Kommunane avgjer sjølv når dei skal halde førehandsrøystegjeving på institusjonar. Ta derfor kontakt med din kommune for å få vite nøyaktig tidspunkt.

Rettleiing

Når du skal gje røysta di, vil du bli møtt av ein valmedarbeidar som forklarer korleis dette går føre seg. Valmedarbeidaren kan også svare på eventuelle spørsmål du måtte ha, eller syte for å finne svar på spørsmåla dine.

Assistanse og hjelp i valavlukket

Valmedarbeidarane kan vere til hjelp med den assistansen du måtte ha behov for. Ein valmedarbeidar kan forklare deg rutinen for å gje røysta di. Medarbeidaren kan også vise deg inn i valavlukket og gje deg rettleiing i kva parti som stiller til val, og kvar røystesetlane til desse ligg.

Dersom du treng assistanse for å gjennomføre røystegjevinga, kan valmedarbeidaren også hjelpe deg med dette. Det er opp til deg kva du treng assistanse til. Kanskje treng du assistanse under heile røystegjevinga, eller kanskje held det at valmedarbeidaren les opp alle partinamna for deg? Valmedarbeidaren har teieplikt dersom vedkomande skulle få innsikt i kva og kven du ønskjer å røyste på.

Legitimasjon

For å gje røysta di, må du ha med legitimasjon. Dersom du er bebuar på ein helse- og omsorgsinstitusjon eller i eit fengsel, og ikkje har legitimasjon, kan ein tilsett gå god for at du er den du seier at du er. I slike tilfelle må den tilsette legitimere seg. Det er ikkje høve for andre veljarar å gå god for din identifikasjon.

Røystegjeving på oppsett førehandsrøystestad

Når kommunen held førehandsrøystegjeving på institusjonar, vil dei rigge opp eit førehandsrøystelokale. Dette vil anten gå føre seg i eit eige rom, eller i fellesområde der det er plass til dette. Rutinen vil vere lik som om du gjekk i eit førehandsrøyste- eller vallokale for å røyste:

  • Ein valmedarbeidar vil gje deg informasjon om korleis du skal røyste
  • Du går inn i valavlukket, vel røystesetel for det partiet du ønskjer å røyste på, og gjer eventuelle rettingar på setelen
  • Du går bort til eit bord med to valmedarbeidarar. Dei sjekkar legitimasjon, eller eventuelt legitimasjon til ein tilsett på vegner av deg, og stemplar røystesetelen
  • Du slepper røystesetelen ned i urna, og har gjeve røysta di

Røystegjeving på rommet til veljaren

Dersom du ikkje har høve til å kome deg til det rommet der førehandsrøystegjevinga går føre seg, kan også valmedarbeidarane kome til rommet der du oppheld deg. Då vil dei leggje til rette for at du kan gje røysta di der du er.

Dette går føre seg slik:

  • Valmedarbeidarane har med seg nødvendig utstyr, inkludert eit røystesetelsett med alle parti og lister som stiller i kommunen og fylkeskommunen
  • Du vel ein røystesetel for det partiet / den lista du ønskjer å gje røysta di til, og gjer eventuelle rettingar på røystesetelen
  • Valmedarbeidaren sjekkar legitimasjon, eller eventuelt legitimasjon til ein tilsett på vegner av deg, og stemplar røystesetelen
  • Du slepper røystesetelen ned i urna, og har gjeve røysta di