Røyste heime

Veljarar som har behov, kan be kommunen om å få røyste heimanfrå. Valmedarbeidarar frå kommunen vil då kome heim til deg med nødvendig utstyr, slik at du kan gje røysta di der du er.

Publisert:

I vallova står det at veljarar som på grunn av sjukdom eller uføre ikkje kan kome seg til eit vallokale, kan søkje til kommunen om å røyste heime. Når ein tek kontakt med kommunen for å røyste heime, må ein derfor opplyse om grunnen til at ein ønskjer å nytte seg av dette tilbodet. Det er likevel ikkje eit krav om dokumentasjon. Det held derfor å fortelje kommunen kvifor du ønskjer å røyste heimanfrå.

Korleis søkjer ein om å få røyste heime?

I vallova står det at ein må søkje til kommunen om å få gje røysta si heime. Det er likevel ingen krav om at søknaden må vere skriftleg. Det held å ta munnleg kontakt med kommunen din og opplyse at du ønskjer å røyste heime.

Når må eg søkje om å røyste heime?

Kommunen set sjølv frist for når ein må søkje om å røyste heime. Denne fristen skal setjast ein stad mellom siste tysdag og siste fredag før valdagen. For å få vite nøyaktig frist i kommunen din, kan du ta kontakt med kommunen.

Rettleiing

Når du skal gje røysta di, vil valmedarbeidaren forklare korleis dette går føre seg. Valmedarbeidaren kan også svare på eventuelle spørsmål du måtte ha, eller syte for å finne svar på spørsmåla dine.

Assistanse og hjelp i valavlukket

Valmedarbeidarane kan vere til hjelp med den assistansen du måtte ha behov for. Ein valmedarbeidar kan forklare deg rutinen for å gje røysta di. Medarbeidaren kan også gje deg rettleiing i kva parti som stiller til val.

Dersom du treng assistanse for å gjennomføre røystegjevinga, kan valmedarbeidaren også hjelpe deg med dette. Det er opp til deg kva du treng assistanse til. Kanskje treng du assistanse under heile røystegjevinga, eller kanskje held det at valmedarbeidaren les opp alle partinamna for deg? Valmedarbeidaren har teieplikt dersom vedkomande skulle få innsikt i kva og kven du ønskjer å røyste på.

Slik går røystegjeving heime føre seg

Å gje røysta si heime går føre seg nesten på same måte som i eit vallokale:

  • Valmedarbeidarane har med seg nødvendig utstyr, inkludert eit røystesetelsett med alle parti og lister som stiller i kommunen og fylkeskommunen
  • Du vel ein røystesetel for det partiet / den lista du ønskjer å gje røysta di til, og gjer eventuelle rettingar på røystesetelen
  • Valmedarbeidaren sjekkar legitimasjon, og stemplar røystesetelen
  • Du slepper røystesetelen ned i urna, og har gjeve røysta di