Hjelp og assistanse i vallokalet

Slik hjelper kommunen deg i vallokalet.

Publisert:

Når kommunane vel ut vallokale, skal dei vareta tilgjenge til og i vallokalet. Dette inneber at det skal vere enkelt for alle veljargrupper å kome seg inn i lokalet utan å møte på hindringar. Det skal også vere mogleg for alle veljargrupper å kome seg enkelt rundt i vallokala utan å møte på hindringar. Dette vil seie at kommunane må syte for at det er god plass i og rundt vallokala. Vidare så skal kommunane syte for at vallokala er godt skilta og opplyste, slik at alle veljarar enkelt kan navigere seg inne i lokalet.

Rettleiing

Når du kjem for å gje røysta di, vil du bli møtt av ein valmedarbeidar som forklarer korleis dette går føre seg. Valmedarbeidaren kan også svare på eventuelle spørsmål du måtte ha, eller syte for å finne svar på spørsmåla dine.

Assistanse og hjelp i valavlukket

Alle vallokale skal ha valmedarbeidarar som kan vere til hjelp med den assistansen du måtte ha behov for. Valmedarbeidaren kan vise deg rundt i vallokalet, og forklare deg rutinen for å gje røysta di. Medarbeidaren kan også vise deg inn i valavlukket og gje deg rettleiing i kva parti og lister som stiller til val, og kvar røystesetlane til desse ligg.

Dersom du har behov for assistanse for å gjennomføre røystegjevinga, kan valmedarbeidaren også hjelpe deg med dette. Det er opp til deg kva du treng assistanse til. Eksempelvis så kan valmedarbeidaren lese opp alle partinamna for deg, og så gjennomfører du resten av røystegjevinga sjølv. Vedkomande kan også hjelpe deg med å gjere rettingar på røystesetlane, eller anna du har behov for.

Valmedarbeidaren har teieplikt dersom vedkomande skulle få innsikt i kva og kven du ønskjer å røyste på.

Veljarar som på grunn av psykisk eller fysisk funksjonsnedsetjing ikkje kan røyste åleine, kan etter eige ønske få hjelp av ein røystemottakar eller ein annan person som veljaren sjølv peikar ut. Ein røystemottakar avgjer om veljaren oppfyller krava til å få hjelp, og hjelparen har teieplikt.

Punktskrift

Dersom du har nedsett syn eller er blind, finst det avkryssingsrøystesetlar med rettleiarar i punktskrift. Avkryssingsrøystesetlane inneheld alle registrerte politiske parti, og du set eit kryss ved det partiet du ønskjer å røyste på. Dersom du ønskjer å røyste på ei lokal liste / eit parti som ikkje står på oversikta, er det eit eige felt der dette kan skrivast på røystesetelen.