Førehandsrøyste

Du kan førehandsrøyste frå 10. august til og med 10. september.

Publisert:

I førehandsrøysteperioden kan du røyste i vallokale over heile landet.

Hugs at det ikkje er mogleg å angre på røystegjevinga. Dersom du førehandsrøystar, så kan du ikkje røyste på nytt, heller ikkje på valdagen.

Det er kommunane som tek imot røystene, og som avgjer når og kvar det er mogleg å førehandsrøyste. Kommunen er pålagd å ta imot førehandsrøyster på helse- og omsorgsinstitusjonar. Du kan også søkje kommunen din om å få røyste heimanfrå.

Kvar kan eg røyste, og kva er opningstida?

Når førehandsrøysteperioden nærmar seg, legg vi ut alle førehandsrøyste- og vallokale med opningstider på valglokaler.no.

Førehandsrøystar du i ein annan kommune enn der du er manntalsført?

Førehandsrøystar du i ein annan kommune enn heimkommunen din, får du utdelt ein avkryssingsrøystesetel i vallokalet. Denne er berre påført namnet på dei registrerte politiske partia, utan kandidatnamn. Du må då krysse av for eller skrive på kva parti/gruppe du vil røyste på. På denne kan du ikkje gjere endringar. Du kan også sjølv skaffe deg ein røystesetel frå valdistriktet ditt, og bruke den om du ønskjer å gjere endringar.

Deretter får du ein valfunksjonær til å stemple røystesetelen, før du legg han ned i ein røystesetelkonvolutt. Røystesetelen blir så lagd ned i ein omslagskonvolutt, som blir lagd i valurna.

Røysta di blir deretter send til heimkommunen din for oppteljing.

Skal du røyste frå utlandet eller på Svalbard?

Veljarar som bur eller oppheld seg i utlandet, kan førehandsrøyste hos utanriksstasjonar eller oppnemnde røystemottakarar. Svalbard og Jan Mayen er omfatta av dei same reglane som utanriksrøystegjeving.

Her finn du informasjon om å røyste frå utlandet.