SMS fra Valdirektoratet

Onsdag 1. september sende Valdirektoratet SMS til veljarar med ei påminning om årets stortingsval.

Dei aller fleste røysteføre over heile landet mottok denne meldinga frå Valdirektoratet 1. september:

Hei. Vi minner om valdagen 13. september. Du kan førehandsrøyste til og med 10. september. Hugs å følgje smittevernråd når du røystar. Helsing Valdirektoratet

Kven mottek SMS?

Røysteføre som er registrert med eit norsk mobilnummer i kontakt- og reservasjonsregisteret, og som ikkje har reservert seg mot digital kommunikasjon med det offentlege mottek SMS.

Grunnlaget for utsendinga er manntalet 29. august og opplysningar registrert i kontakt- og reservasjonsregisteret 31. august. Det sendast SMS til ca. 3,5 millioner røysteføre.

SMSen blir sendt til røysteføre uavhengig av om dei har førehandsrøysta eller ikkje.

Kvifor sendar vi melding?

Vi sender SMS til veljarar som ei hyggeleg påminning om valdagen 13. september og moglegheita til å førehandsrøyste til og med 10. september.

Ved tidlegere val er det gjennomført forsøk med utsending av SMS til eit representativt utval veljarar. Dette hadde signifikant effekt i enkelte veljargrupper som i utgangspunktet hadde lågere valdeltaking enn befolkninga for øvrig.

Det er Valdirektoratet som sender ut SMS på oppdrag frå Kommunal- og moderniseringsdepartementet.