Fleire enn 1,6 millionar har førehandsrøysta

Så langt har 1 645 913 veljarar røysta ved stortingsvalet 2021.

Det betyr at 42,34 prosent av dei røysteføre ved årets val har røysta. Aldri før har så mange førehandsrøysta ved val i Noreg.

Sjå oversikt over antal førehandsrøyster ved stortingsvalet 2021.

Nesten 9 000 veljarar tidlegrøsyta

I perioden 1. juli til 9. august kunne veljarar som ikkje har høve til å røyste i den ordinære perioden for førehandsrøysting eller på valdagen tidlegrøyste. Ved årets val nytta 8 469 veljarar denne moglegheita.

Sjå oversikt over antal tidlegrøyster fordelt på valdistrikt.