Informasjonsbrosjyren frå Valdirektoratet gjev veljarane den viktigaste informasjonen om stortingsvalet 2021. I denne får veljarane vite kven som har røysterett og når, kvar og korleis ein røystar.
I år kjem denne informasjonen på fleire flater
- Som ei eiga veljarside på valg.no
- Som PDF-ar
- Som fysiske brosjyrar
Den fysiske informasjonsbrosjyren kjem på følgjande språk: bokmål, nynorsk, engelsk, arabisk, tigrinja (eritreisk), somali, persisk/farsi, tyrkisk, urdu, russisk, thailandsk, vietnamesisk.
Brosjyrar på samiske språk blir sende ut til husstandar og kommunar i forvaltningsområdet for samiske språk.
Kommunar, fylkeskommunar, politiske parti og interesseorganisasjonar kan bestille papirbrosjyren gratis frå Valdirektoratet.
Slik bestiller du
Du bestiller brosjyrar ved å fylle ut dette skjemaet.
Hugs å opplyse om kontaktperson for mottak av bestillinga og riktig leveringsadresse. Tilgjenge på dei ulike versjonane kan variere.